Hopp til innhold

99 år sidan massakre i USA – no leitar dei etter massegraver

I 1921 var Tulsa åstad for ein brutal, rasistisk motivert massakre. Denne veka starta utgravinga av det som kan vere ei massegrav.

Arbeidarar driv utgraving på ein gravplass i Tulsa.

UTGRAVING: Arbeidet har vore utsett grunna koronapandemien, men no er utgravinga i gang på gravplassen i Tulsa.

Foto: Mike Simons / AP

Måndag denne veka starta utgravingar på Oaklawn-gravplassen i Tulsa i Oklahoma. Ei gruppe av mellom anna arkeologar og rettsantropologar skal undersøkje staden.

Gravplassen er ein av to stadar i Tulsa som er identifisert som ei mogleg massegrav. Det skriv Washington Post.

Vitskapsfolka har tidlegare brukt radar for å undersøkje staden. Sjølv om radarbilete viste at det kunne skjule seg ei massegrav her, er å grave den einaste måten å slå fast kva som skjuler seg under bakken.

Phoebe Stubblefield, ein av rettsantropologane som er med på arbeidet, seier ho håpar beina dei eventuelt finn, er godt nok bevarte til å hente ut DNA frå dei. I tillegg håpar dei å finne teikn som kan forklare korleis personane døydde.

Arbeidet med utgravinga er venta å ta opp til to veker.

Fleire hundre døde

For å skjøne kva dei no leitar etter i Tulsa, må vi tilbake til 31. mai 1921. Denne dagen starta ein av dei verste episodane av rasistisk motivert vald i amerikansk historie.

Etter at ein svart tenåring vart skulda for å ha angripe ei kvit kvinne, oppstod det kampar mellom svarte og kvite utanfor rådhuset i byen. Deretter gjekk hundrevis av kvite til angrep på bydelen Greenwood.

Bydelen vart rekna som ein av dei mest velståande svarte bydelane i USA, og hadde tilnamnet «svarte Wall Street».

Opp mot 300 menneske var drepne i løpet av to dagar. I tillegg vart store område sett i brann. Meir enn 1250 heimar, kyrkjer, skular og verksemder blei øydelagde. 10.000 miste heimane sine. Ingen vart nokon gong arresterte for valdshandlingane.

Dei som overlevde massakren, fortalde ifølgje Washington Post om fly som sleppte parafinbomber over Greenwood. Livlause kroppar skal ha vorte dumpa i Arkansas-elva, stabla inn i lastebilar og tog og lagde i massegraver.

Ruinar etter brann i Tulsa i 1921

RUINAR: Store område i bydelen Greenwood vart fullstendig raserte av brann.

Foto: - / AFP

Vart ikkje snakka om

I fleire tiår etter massakren var det ingen i Tulsa som snakka om det som hadde skjedd. Tulsa-ordførar G.T. Bynum meiner leiarar innanfor både det offentlege og næringslivet gjekk saman for å skjule det.

– Kvar gong noko forferdeleg skjer, har ein to alternativ. Det eine er å finne ut kva som har skjedd og kvifor. Det andre er å prøve å skjule det. Dessverre valde leiarane i Tulsa i 1921 det andre alternativet, seier han til Washington Post.

No, snart 100 år etter, meiner Bynum det er på høg tid å finne ut om det finnast massegraver under byen.

– Eg vil ikkje at borna mine skal vekse opp i ein by der vi kanskje går rundt på massegraver, utan å ha gjort alt vi kan for å finne dei og identifisere offera.

Tulsa står i brann, 1921.

BRANN: Overlevande hevda fly sleppte parafinbomber over Greenwood under massakren.

Foto: - / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt