Hopp til innhold

Kraftige sammenstøt i Jerusalem

Det har vore kraftige samanstøytar mellom palestinarar og israelsk politi i Jerusalem, melder nyheitsbyrået AFP.

Kraftige samanstøytar i Jerusalem

Det var samanstøytar mellom palestinarar og israelsk politi i flyktningleiren Shuafat i Jerusalem.

Foto: Ahmad Gharabli / Scanpix/AFP

Ein palestinar blir arrestert av israelsk politi i Jerusalem.

Israelske politifolk arresterter ein palestinar i flytkningleiren Shuafat i Aust-Jerusalem.

Foto: Ahmad Gharabli / Scanpix/AFP

Politiet brukte gummikuler og sjokkgranatar for å spreie rasande palestinarar i flyktningleiren Shuafat, etter at dei kasta steinar på politiet.

Det blir også meldt om liknande samanstøytar fleire andre stader i Aust-Jerusalem. Minst 40 palestinarar er behandla for mindre skadar ved ulike sjukehus i bydelen. Også tre irsraelske politifolk skal vere såra.

Det var også samanstøytar ved grenseovergangen Qalandia mellom Vestbreidda og Israel. Maskerte ungdomar kasta stein og heimelaga brannbomber mot israelske soldatar, som svara med tåregass og gummikuler

3000 politifolk

Det er utplassert over 3000 politifolk i Jerusalem for å hindre uro.

Den nye uroa skuldast truleg gjenopninga av ein gammal synagoge i Jerusalem i går, noko som har vekt sterke reaksjonar blant mange palestinarar. Også planane om å byggje 1600 nye husvære i ei ultraortodoks busetjing i Jerusalem har skapt uro.

Den islamistiske organisasjonen Hamas har bede sine tilhengjarar om å sjå på dagen i dag som ein «vredens dag mot den israelske framferda i Jerusalem og mot Al Aqsa-moskeen».

Hamas-leiarar i Damaskus i Syria kallar i går opninga av den gamle Hurva-synagogen i Aust-Jerusalem for historieforfalsking, og skulda Israel for å ha planar om øydeleggje dei islamske heilagdomane i Jerusalem.

Første steg

Dei meiner opninga av synagogen er første steg i israelske planar om å øydeleggje Al Aqsa-moskeen for å byggje eit jødisk tempel på ruinane.

Hurva-synagogen ligg rundt 400 meter frå Al Aqsa-moskeen, og også Fatah, som har makta på Vestbreidda, meiner at restaureringa av den gamle synagogen set Al Aqsa-moskeen i fare.

Israelske styersmakter har avvist dette.

Synagogen vart først reist på 1600-talet, men seinare øydelagd av ottomanske styrkar. Synagogen vart gjenoppbygd, men lagt i grus igjen av jordanske styrkar i 1948. Området kom igjen under israelsk kontroll etter seksdagarskrigen i 1967.

Det har også vore store demonstrasjonar mot Israel i fleire byar på den Hamas-kontrollerte Gazastripa.

LES OGSÅ: Knusende dom over Netanyahu i israelske medier

LES OGSÅ: Israel vil granske bosetningsnyhet

LES OGSÅ: Nye opptøyer i Jerusalem

LES OGSÅ: Stenger Vestbredden i to døgn

SISTE NYTT

Siste nytt