Dette skal vere det første koordinerte angrepet sidan russarane gjekk inn i Syria for ei veke sidan, på president Bashar al-Assad si side.
- Les også:
– Dei mest intense kampane på fleire månader
Ifølge Syrian Observatory for Human Rights skal angrepa ha vore retta mot fleire mål i Idlib- og Hama-provinsane, i det leiaren Rami Abdurrahman omtaler som dei mest intense kampane på fleire månader.
RÅKA: Latamneh, ein by i Hama-provinsen som vart angripen av russiske fly i førre veke. I dag vart nye landsbyar i provinsen bomba.
Foto: AMMAR ABDULLAH / ReutersAktivisten Ahmad al-Ahmad som oppheld seg i Idlib fortel at regjeringsstyrker skyt voldsomt mot sentrale område i provinsen etter at opprørarar angreip ein militærpost og øydela ei stridsvogn. Det er rapportert om angrep i byane Kafr Zita, Kafr Nabudah, al-Sayyad og al-Lataminah i Hama-provinsen, og byene Khan Shaykhun og Alhbit i Idlib-provinsen.
Vurderer å koordinere seg med USA
Talspersonar i Moskva hevdar at russarane bombar mot IS-mål og andre ekstremistgrupper, men har vorte møtt med skuldingar for å også angripe moderate opprørsgrupper.
- Les også:
I helga vart situasjonen endå meir spent då det kom fram at russiske fly hadde krenka tyrkisk luftrom, og med det Nato sitt luftrom, noko som vekte reaksjonar i forsvarsalliansen. Russarane hevdar at dette var eit uhell, men Nato sin generalsekretær Jens Stoltenberg uttalte i ein pressekonferanse måndag at han er skeptisk til forklaringa.
Krenkinga av luftrommet har også vekt sterke reaksjonar hos tyrkarane, som har kalla Russland sin ambassadør inn på teppet fleire gonger dei siste dagane.
– Vi ser positivt på møtet med Russland i dag der dei får forklare seg. Russland er ein ven, men om dette held fram vil vi sjå det som ein trussel og ikkje som vennskapeleg oppførsel, seier Omer Celik, ein talsperson for det tyrkiske regjeringspartiet AK til nyhendebyrået Reuters.
I tillegg skal russarane vurdere å koordinere angrepa mot IS med USA. Dei skal diskutere dei tekniske detaljane i eit møte onsdag