NRK Meny
Normal

Klimaendringar gir tropisk smitte lenger nord

Tropiske sjukdomar spreier seg i stor fart nordover. Ei av årsakene er den globale oppvarminga, som gjer at mygg og flått frå Tropane i stadig større grad finn livsvilkår i nye område

Laster kart, vennligst vent...

Zika-viruset på det amerikanske kontinentet.

Den siste i rekkja av smittefarlege sjukdomar som har kome til nye område, er zika-viruset, som blir spreidd av mygg. Forskarar reknar det som temmeleg sikkert at viruset kan knytast til sjukdomen zikafeber, eller mikrokefali. Hos gravide kvinner kan viruset spreie seg til fosteret, som kan bli fødd med små hovud og hjerneskadar.

I fleire land i Sør- og Mellom-Amerika blir no kvinner åtvara mot å bli gravide av frykt for zikafeber. WHO, Verdas helseorganisasjon, har sagt at det er stor fare for at sjukdomen kan utvikle seg til ein internasjonal pandemi, og i dag kalla WHO inn til kriseråd .

Fauci

Anthony Fauci er direktør for Det nasjonale instituttet for allergi og infeksjonssjukedomar i USA.

Foto: JIM WATSON / Afp

Folkehelseinstituttet her i landet åtvarar gravide kvinner mot å reise til land der det er registrert smitte.

Spørsmål og svar om zika-viruset

Stor sjanse for spreiing

Ifølgje Anthony Fauci, direktør ved Det nasjonale instituttet for allergi og infeksjonssjukdomar i USA, seier til nyheitsbyrået Reuters at det er stor sjanse for at zika-viruset vil spreie seg til USA, og at delstatane Florida og Texas er mest utsette.

Frykter zikaviruset kommer til USA

The New York Times peikar i ein artikkel i dag på samanhengen mellom den globale oppvarminga og spreiing av tropiske sjukdomar. Avisa minner om at zika-viruset ikkje var registrert i Amerika før i mai i fjor, bortsett frå på Påskeøyene, som høyrer til Chile.

Påskeøyane ligg i Stillehavet rundt 3500 kilometer frå kysten av det søramerikanske landet.

14 land i Amerika

Pr. i dag er zika-viruset registrert i 14 latinamerikanske og karibiske land, pluss Puerto Rico, som er ein del av USA. Center for Disease Control and Prevention trur zika vil utvikle seg i USA på same måte som Dengue-viruset. Det startar med fleire tilfelle i Puerto Rico, for så å spreie seg til Florida, Texas og kanskje Hawaii.

Amerikanske forskarar har slått fast at det ikkje berre er endringar i klimaet som fører til smittespreiing, men at smitta også smittar innan folkegrupper, sjølv om dei bur langt borte frå kvarandre.

Det blir vist til det faktum at zika-viruset har eksistert i mange år i det sørlege Stillehavet, også kalla Polynesia. Zika kom til Påskeøyene i 2014. Sjølv om øygruppa høyrer til Chile, så er innbyggjarane i hovudsak polynesiarar. Kvart år blir det halde ein stor festival, der mange frå det sørlege Stillehavet deltek.

Urban mygg

Eit særtrekk med myggen som spreier Zika-viruset er at han trivst best i urbane, tett folkesette område med varmt og fuktig klima. Til tettare folk bur, til betre trivst myggen. Auka i flytrafikken og større mobilitet mellom verdsdelane, er også ei viktig årsak til spreiinga av tropiske insekt som kan spreie smitte.

Medisineksperter med kraftig kritikk av WHO

Dette bør du tenke på hvis du skal reise til land med zika-viruset

Utbreiing av myggen aedes aegypti.

Dette kartet viser området der myggen aedes aegypti er registrert. Denne myggen kan bere med seg zikaviruset, men det betyr ikkje at det er smitte alle stader der myggen er registrert.

Foto: kartdata fra Kraemer MUG et al. eLife, University of Oxford / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt