Hopp til innhold

Kinesarane røykte tjall for 2500 år sidan

Arkeologiske utgravingar i det vestlege Kina viser at folk der røykte cannabis, truleg i samband med religiøse ritual.

Rester etter tidleg cannabisbruk.

Det er funne i spor av cannabis med høgt innhald av THC i dette fyrfatet av tre. Funnet vart gjort i Pamirfjella i Kina.

Foto: Handout / Reuters

Dette er det eldste funnet av cannabisbruk brukt som rusmiddel i verda nokon gong. Spora etter stoffet vart funne i ein treomn i eit gravkammer, melder BBC .

Funnet viser at marihuanaen dei brukte hadde høg førekomst av verkestoffet THC, noko forskarane meiner tyder på at brukarane hadde god kjennskap til effekten til stoffet.

Eldre spor

Meng Ren undersøkjer cannabisrestar.

Forskaren Meng Ren i gang med ein teknisk analyse av funnet frå Pamirfjella.

Foto: Handout / Reuters

Det er tidlegare funne spor av cannabis i utgravingar i det austlege Kina frå så langt tilbake som 4000 år før Kristus, men dette var stoff med svært lågt innhald av THC. Det blir tolka som at det ikkje vart brukt som rusmiddel, men at stoffet hadde andre bruksområde.

Det ferske funnet i gravkammeret Jirzankal høgt oppe i Pamirfjella, tyder på at folk putta cannabisblad saman med varme steinar i eit fyrfat, og at dei så inhalerte røyken. Det at cannabisplanten voks opp så høgt over havet, kan ha gjort innhaldet av THC høgare enn det som var normalt i låglandet, meiner forskarane.

Det er kjent frå andre stader at blant anna låge temperaturar og lite næringsstoff i jorda har ført til høgt innhald av THC i cannabisplanten.

Gravkammer i Pamirfjella i Kina.

Det var i dette gravkammeret i Pamirfjella i Xinjang-provinsen i Kina at spora av cannabisrøyking vart funne.

Foto: Handout / Reuters
Cannabis-funn i Kina.

Fyrfatet med cannabisrestar vart funne saman med eit skjelett i gravkammeret.

Foto: Handout / Reuters

– Spreidde seg frå Asia

Nicole Boivin, direktør for Max Planck-instituttet i Jena i Tyskland, seier at funnet støttar teorien om at cannabis vart først brukt som rusmiddel i fjellregionane i det austlege Sentral-Asia, før det spreidde seg ut til resten av verda.

Forskarane trur cannabis-røykinga skjedde i samband med gravferdsritual. Det stemmer med tidlegare funn gjorde i Xinjang-regionen i Kina og Altaifjella i Russland, men desse funna går ikkje så langt tilbake som 2500 år.

SISTE NYTT

Siste nytt