Hopp til innhold

Kim har ikkje møtt dottera på sju år: – Eg vil heim til Nord-Korea

SEOUL (NRK): Toppmøtet mellom Nord- og Sør-Korea gir håp for familiar som lever på kvar si side av den høgt militariserte grensa. Eit knippe nordkoreanarar i Sør vonar dei endeleg skal få flytta heim.

Video med dottera er det nærmaste ho har vore sine kjære på sju år. Ho er blitt ein skugge i familiens kvardag. Dei er i Nord. Ho er i Sør. Splitta, slik nasjonen Korea er.

– Hald deg frisk til me møtest att. Eg er glad i deg, vinkar jenta på skjermen.

– Eg kan ikkje venta enda eitt år på å sjå mi dotter. Det vil ta livet av meg, seier Kim Ryon-hui, til NRK.

Kim ser på video av datteren

SER DOTTERA PÅ VIDEO: Videoklipp utlendingar har tatt med frå Nord-Korea er det næraste Kim kjem si dotter i kvardagen.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– For meg er den personlege situasjonen avgjerande

Den nordkoreanske kvinna har fått videoen av ein utanlandsk journalist som vitja Nord-Korea. Direkte kontakt mellom Sør- og Nord er umogleg.

– Det er sjølvsagt flott at døra til samarbeid og forsoning no blir opna, men for meg er det den personlege situasjonen som er avgjerande, seier Kim.

Den nordkoreanske kvinna hevdar ho er i Sør-Korea mot sin vilje.

– I 2011 drog eg til Kina med mitt nordkoreanske pass. Der blei eg lurt av ein menneskesmuglar som tok meg med til Sør-Korea på falske premissar, fortel Kim.

Kim's datter i Pyongyang

FEKK BILETE: Kim har fått bilete av si dotter frå ein nordkoreanar med eit anna statsborgarskap som vende heim til Pyongyang

Foto: Privat/Kjersti Strømmen / NRK

Få nordkoreanarar er velsigna med pass, men ho fekk lov til å vitja slekt i Kina.

Sjukdom førte henne i hendene på feil folk. Ho trong pengar for å bli frisk, fortel ho. Planen var å ta seg inn i Sør-Korea ulovleg og jobba svart, men smuglaren tok passet hennar, og overgav henne til sørkoreansk politi.

– Då eg forstod at eg var pågripen av Det nasjonale tryggingsbyrået, trudde eg at eg skulle døy. Eg blei redd for at eg aldri skulle få sjå familien min igjen. Difor skreiv eg under på at eg skifta side, fortel Kim.

Ett Korea

EIN NASJON: Eit handtrykk. Ein nasjon. Plakatar i Seoul viser kva mange lengtar etter

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Demonstrerer

Kim har prøvd å reisa tilbake på falskt pass, men blei stansa på grensa. Ho fortel at ho også gav uriktige opplysningar til politiet om at ho var spion, i håp om å bli utvist.

Rundt 30.000 nordkoreanarar har hoppa av til Sør-Korea sidan 60-talet, men reisa til Sør-Korea er ein einvegsbillett. Det nyttar ikkje å angra.

Kwon Oh Hun, ærespresident, Supporting Committe for Prisoners of Conscience

MENNESKERETTAR: – Det er ein menneskerett å få venda heim til sitt eige land, seier ærespresident for Supporting Committe for Prisoners of Conscience, Kwon Oh Hun til NRK

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Dei har blitt sørkoreanarar av eigen fri vilje. Ifølgje loven er det ikkje lov for våre innbyggjarar å flytta til Nord-Korea, seier talsperson for Sør-Koreas gjenforeiningsdepartement, Baik Tae Hyun, til NRK.

– Har ikkje krefter til å venta lengre

Kim og andre som vil heim til Nord-Korea, får støtte av sørkoreanske menneskerettsaktivistar.

– Det er ein menneskerett å kunne venda heim til sitt eige land, seier ærespresident for Supporting Committe for Prisoners of Conscience, Kwon Oh Hun, til NRK.

For Kim Ryon-hui begynner åra som har gått å bli ein alvorleg påkjenning.

– Det har vore tøft nok med sju år heimanfrå. Eg har ikkje krefter til å venta lengre, seier Kim.

Kim demonstrerer

DEMONSTRERER: Kim og andre frå Nord-Korea demonstrerer side om side med sørkoreanske menneskerettsaktivistar i Seoul.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt