Hopp til innhold

Kim Jong-un gjekk fremst ved faren si kiste

Medan snøen lava ned tok Pyongyang i dag farvel med Kim Jong-il. Gravferdsprosesjonen var prega av gråt, tårer og pompøse seremoniar.

Video Pyongyang preget av sorg

VIDEO: Sjå reportasjen frå nordkoreansk fjernsyn.

Men fjernsynsbileta frå gravferda til Kim Jong-il gir også ein peikepinn om kven skal overta etter den avdøde leiaren. Alt ser ut til å vere lagt til rette for sonen Kim Jong-un.

Offiserar langs prosesjonsruta gret openlyst.

Offiserar langs prosesjonsruta gret openlyst for avdøde Kim Jong-il.

Foto: NKTV

Den enorme gravferdssprosesjonen gjekk gjennom eit snøtungt Pyongyang. Fremst i prosesjonen ein limousine med eit gedigent bilete av Kim Jong-il på taket. Kommentatoren på nordkoreansk fjernsyn fortel gråtande om det som skjer.

Fleire hundre tusen menneske skal ha vore samla langs prosesjonen, som markerer slutten på ein epoke, men også eit framhald for tredje generasjon av Kim-dynastiet.

LES OGSÅ: Nord-Korea tok farvel med sin «kjære leder»

LES OGSÅ: - Fuglane sørgjer over Kim Jong-il

Kim Jong-un gjekk først

Nord-Koreas nye leiar Kim Jong-un

Den nye nordkoreanske leiaren Kim Jong-un gjekk nærmast faren si kiste under gravferdsprosesjonen i dag.

Foto: Ap

Så kom bilen med kista på taket. Kim Jong-un gjekk gråtande ved sida av bilen. Bak han igjen gjekk onkelen Jang Song-thaek, som alt i dag har ein sentral maktposisjon i Kim-dynastiet. Han er gift med systera til Kim Jong-il.

Han skal ha kome sigrande ut av ein intens maktkamp i den øvste leiarskapen i det nordkoreanske kommunistpartiet og sikra seg det viktige vervet i den nasjonale forsvarskommisjonen, som blir rekna som den viktigaste maktbastionen i Nord-Korea.

Nummer tre i prosesjonen var øvstkommanderande for den nordkoreanske hæren, Ri Yong-ho.

Må dele makta

Dette er også dei tre dei fleste observatørar har peika når det gjeld dei viktigaste maktpersonane etter Kim Jong-ils død. Kim Jong-un er etterfølgjaren, men han må finne seg i å dele makta med onkelen og sjefen for dei væpna styrkane.

– Å sjå den kvite snøen falle har fått meg til å tenkje på alt Kim Jong-il har gjort for oss, og det få tårene til å strøyme frå auga mine, seier ein ung, raudkinna og gråtande kvinneleg soldat til fjernsynet.

Video Pyongyang preget av sorg

VIDEO: Gråt og tårer for Kim Jong-il

Gråtande sivile og militære stod tettpakka langs heile ruta, og mange ropte «far», «far» når den svarte amerikanske limousinen av merket Lincoln køyrde forbi. Denne vart fylgt av mange Mercedes-limousinar og lastebilar frå den nordkoreanske hæren.

LES OGSÅ: Sørkoreansk presidentenke ærer Kim Jong-il

LES OGSÅ: Nord-Koreas nye leder har onkelen ved sin side

Måtte haldast tilbake

– Eg skulle ynskje dette var ein draum. Korleis kan dette vere sant. Korleis kan noko slikt skje i denne verda?, spør ein gråtande kvinne inn i fjernsynskameraet.

Ein stad på ruta måtte ei gruppe gråtande kvinner haldast tilbake frå bilen med kista.

Gravferdsprosesjonen heldt på i tre timar, og vart avslutta med ein salutt frå 21 kanonar medan dei viktigaste leiarane i landet såg på frå eit podium.

LES OGSÅ: Kim Jong-un blir øvste leiar for den nordkoreanske hæren

LES OGSÅ: Hysteri ved kista til Kim Jong-il

SISTE NYTT

Siste nytt