Hopp til innhold

Kidnappa estarar i YouTube-video

Dei sju estiske syklistane som blei kidnappa i Libanon i mars har gjeve livsteikn frå seg. I ein YouTube-video tryglar dei om internasjonal hjelp til å koma seg heim.

Bortførde estarar i YouTube-video

Estiske styresmakter stadfestar at mennene i YouTube-videoen er dei sju turistane som blei kidnappa i Libanon i mars.

Foto: YouTube

Videoen av kidnappingsofra blei lasta opp på videodelingsnettstaden YouTube seint tysdag kveld.

Den rundt ett minutt lange snutten viser dei sju estlendingane som tryglar og ber styresmaktene i Libanon, Frankrike, Saudi-Arabia og Jordan om hjelp til å ta seg heim.

– Gjer kva som helst

Estlendingane, som er mellom 25 og 40 år, blei kidnappa av væpna og maskerte menn då dei var på sykkeltur i Bekaa-dalen i Libanon den 23. mars i år.

– Ver så snill å gje kidnapparane det dei ber om. Gjer kva som helst, gjer alt som krevst for å få oss heim, seier ein av de sju i YouTube-videoen.

– Me vil tilbake til familiane våre. Ver så snill, me er ein vanskeleg situasjon, seier ein annan.

Det estiske utanriksdepartementet stadfestar onsdag at videoen er ekte, og seier dei jobbar med å identifisere kjelda.

– Mennene i videoen er dei sju estlendinane som vart kidnappa i Libanon, seier talskvinne Minna-Liina Lind til AFP.

«thekidnaper2011»

Klippet er lasta opp av ein person som går under brukarnamnet «thekidnaper2011».

Den blei tilgjengeleg på nettet få timar etter at den estiske utanriksministeren informerte journalistar om at styresmaktene ikkje hadde nye spor å gå etter i søket etter dei sakna estlendingane.

Alle ofra er kledde i treningsklede, og ser ut til å vera uskadde.

(Saka held fram under biletet)

Libanesisk soldat med ein av syklane.

Libanesiske soldatar undersøker åstaden der sju estiske sykkelturistar blei overfalne og dregne inn i ein svart Mercedez og to kvite varebilar den 23.mars.

Foto: STR / Reuters

Krav om løysepengar

Syklane og ryggsekkane til dei sju turistane låg att på åstaden. Politiet og den libanesiske hæren seier dei har sett i gang ei storstilt jakt på gjerningsmennene.

Ei ukjend gruppe, Haraket Al-Nahda Wal-Islah (Rørsla for Fornying og Reform), hevdar å stå bak kidnappinga av dei sju estiske sykkelturistane.

Gruppa har fremja krav om ein ukjend sum med løysepengar. Kravet kom i ein e-post til nyheitsportalen Lebanon Files, som deretter varsla politiet. E-posten har ikkje vorte verifisert av offentlege kjelder.

Hovudmistenkt drepen

Ifølgje nyheitsbyrået AFP blei ein mann som var hovudmistenkt i bortføringssaka drepen i ei skotveksling i ein by nær den syriske grensa den 11.april. Førre veke blei også 11 libanesarar sikta for å vore med på kidnappinga

– Det verserer mange rykter, men den mest faktabaserte versjonen er at fleire personar er arresterte av libanesisk politi, mistenkte for å vera involverte i kidnappinga, sa utanriksministeren i Estland, Urmas Paet, til journalistar i Beirut.

– Meir informasjon har me førebels ikkje fått, la han til.

Lovløyse, vald og narkotika

Området der turistane blei kidnappa er kjent for lovløyse, narkotikahandel og kampar mellom ulike klanar. Mange land åtvarar borgarane sine mot å reisa til Bekaa-dalen.

Men ikkje sidan vestelege gislar blei kidnappa under borgarkrigen frå 1975-1990 har kidnapping vore eit problem i Libanon. Nesten 100 utlendingar blei bortførde mellom 1982 og 1990. Dei fleste var amerikanarar og vesteuropearar.

I fjor vart to polske turistar kidnappa i Bekaa-dalen, men dei vart raskt sette fri etter at libanesiske soldatar opna eld mot kidnapparane ved ei vegsperring. Ein av kidnapparane vart drepen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt