Hopp til innhold

Kan underteikne START-avtale

USA og Russland kan underteikne ein ny START-avtale under Klimatoppmøtet i København denne helga, seier ei russisk kjelde til Reuters.

Barack Obama og Dimitrij Medvedev på APEC-toppmøtet i Singapore 15. november 2009.

Barack Obama og Dimitrij Medvedev på APEC-toppmøtet i Singapore 15. november 2009.

Foto: RIA-Novosti/Mikhail Klimentjev / Scanpix/AP

Presidentane Barack Obama og Dimitrij Medvedev skal begge delta på avslutninga av klimamøtet i den danske hovudstaden. Det kvite hus vil ikkje kommentere meldinga.

Ny avtale

START-avtalen frå 1991 gjekk ut 5. desember, og det er er venta at dei to stormaktene vil underteikne ein nye avtale i nær framtid.

Dei to presidentane vart i juli i år samde om å få i stand ein avtale der talet på kjernefysiske stridshovud på kvar side skal reduserast til mellom 1500 og 1675.

Det er venta at ein avtale også vil redusere talet på ubåtar, bombefly og rakettar som kan brukast til å avfyre atomvåpen.

Den russiske kjelda Reuters har snakka med seier at utanriksminister Sergej Lavrov til København, og at han ikkje ville ha reist om det ikkje skulle skje noko i forhold til START-avtalen.

Gorbatsjov

Det var presidentane Geoge Bush senior og Mikhail Gorbatsjov som underteikna START-1-avtalen i 1991, etter at det hadde vore forhandlingar mellom dei to supermaktene i nesten ti år.

Avtalen førde til at Sovjetunionen meir enn halverte sitt kjernefysiske våpenarsenal.

Dei siste åra har forholdet mellom USA og Russland blitt dårlegare, særleg på grunn av den amerikanske krigføringa i Irak, krigen mellom Russland og Georgia i fjor og ekspansjonen til NATO til Aust-Europa.

LES OGSÅ: Russland og USA vil ha en ny start

SISTE NYTT

Siste nytt