Hopp til innhold

– Risikerer solo-slag i Tripoli

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Opprørarane kan bli ståande utan luftstøtte frå NATO dersom Tripoli vert senter for det siste slaget i Libya-krigen.

Målfrid Braut-Hegghammer

Målfrid Braut-Hegghammer ved Institutt for Forsvarsstudier (IFS) trur Muammar Gaddafi vil velja forhandlingar med opposisjonen framfor eit slag i Tripoli.

Foto: IFS

Opprørarane i Libya hevdar å ha overtaket i Libya-krigen. Flankert av NATO skal dei ha greidd å isolera diktator Muammar al-Gaddafi si høgborg, hovudstaden Tripoli.

Ifølgje NATO er regimet altfor veikt til å kunne starta ein mot-offensiv. Også USA ser med optimisme på at opprørarane no tek strupetak på Tripoli.

Men dersom konflikten i Libya konsentrerer seg til å bli ein bykrig i hovudstaden, kan opprørarane måtte kjempa det siste og truleg avgjerande slaget utan luftstøtte frå NATO.

– Dersom det går mot konfrontasjonar mellom opprørs-rørsla og Gaddafi-styrkar i ein så stor by, vert det mykje vanskelegare å utøva luftmakt. Det blir veldig vanskeleg å veta kven ein treffer, og målet er jo å beskytta dei sivile, seier forskar ved Institutt for Forsvarsstudier (IFS), Målfrid Braut-Hegghammer.

Éin million busett i Tripoli

I mars i år fekk NATO mandat til å innføra ei flyforbodssone over Libya, etter at FN vedtok ein resolusjon om å verna den libyske sivilbefolkninga frå Gaddafi-regimet sine overgrep.

Bombene frå NATO sine jagarfly skal ha vore avgjerande for at opposisjonen har greidd å yta motstand mot Gaddafi-hæren i ein kontinuerleg seks månader lang krig.

Men i Tripoli, der det bur over éin million menneske, kan NATO få store vanskar med å skilja fienden frå sivile. Mange menneske og tett busetjing gjer det nærmast umogleg å unngå store sivile tap ved bombing frå lufta.

Med eller utan NATO-støtte, Braut-Hegghammer i IFS trur uansett at Gaddafi ønskjer å halda opprørarane vekke frå Tripoli.

– Gaddafi vil forsøka å la denne typen konfrontasjonar skje utanfor Tripoli. Dersom kampane forflyttar seg inn dit, vil han stå med kniven mot strupen. Då blir det brått ei eksistensiell kamp som han vil prøva å unngå så lenge som mogleg, seier forskaren.

LIBYA-CONFLICT

I helga skal opprørsstyrkane ha teke kontroll over fleire viktige byar eit steinkast unna Tripoli. Her har dei arrestert det dei meiner er ein Gaddafi-lojal skarpskyttar i Zawiyah.

Foto: MARC HOFER / Afp

– Gaddafi er isolert

Dei siste dagane har opprørsstyrkane rapportert om den ein sigeren etter den andre.

Søndag erobra dei den strategisk viktige byen Zawiyah, berre 40 kilometer vest for Tripoli. Seint måndag kveld hevda oppørarane at byen Garyan, 50 kilometer sør for hovudstaden Tripoli, var den ferskaste på erobringslista.

Dersom oppørarane verkeleg har overtaket i Garyan, tyder det at dei har kontrollen over dei viktigaste innfartsårene inn og ut av Tripoli. Gaddafi-bastionen vil dermed vera innsirkla av opposisjonen.

– Gaddafi er isolert, han er avskoren frå resten av verda, seier talsmann for opposisjonen Abdulrahman til Reuters.

– For tidleg å feira

USA meiner rapportane frå opprørarane og optimismen i NATO vitnar om at Libya-krigen no går mot slutten og i riktig retning.

Ein talsmann for Det kvite hus uttalte nyleg at det 40 år lange Gaddafi-diktaturet sine dagar er talde.

Braut-Hegghammer meiner derimot at det er for tidleg å heisa flagget til topps enno:

– Det er lurt å ta informasjonen som kjem med ei klype salt. Det har vore framrykk og tilbakeslag heile vegen.

LIBYA-CONFLICT

Opprørssoldatar feirar ein vellukka offensiv mot Gaddafi sin hær i oljebyen Brega søndag.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / Afp

Trur på forhandlingar

Tysdag ettermiddag kjem det allereie meldingar om rakettåtak mot Zawiyah.

IFS-forskaren viser også til store omveltningar internt hjå opposisjonen den siste tida. I slutten av juli vart militærsjefen Abdel Fattah Younes skoten og drepen.

– Det er for tidleg å seia kven som no er den sterkaste aktøren, og korleis opprørarane sin frammarsj mot Tripoli eventuelt vil utarta seg. Me må først sjå om opposisjonen greier å konsolidera sin posisjon, seier Braut-Hegghammer.

Ho trur Gaddafi til sjuande og sist vil velja forhandlingar framfor full krig i Tripoli.

– Han vil nok prøva å forhandla seg fram til ei løysing som inneber at han gjev frå seg makta, men slepp straffeforfylging, at han får bli i Libya og bevega seg relativt fritt der.

Opprørarane har hittil avvist rapportar om at dei er i forhandlingar med det vaklande regimet.

SISTE NYTT

Siste nytt