Hopp til innhold

Sju nye i Reinfeldts regjering

Fredrik Reinfeldt presenterte sju nye statsrådar då han la fram regjeringserklæringa si i dag.

Den nye Reinfeldt-regjeringa på veg ut frå Riksdagen.

Den nye Reinfeldt-regjeringa på veg ut frå Riksdagen i dag.

Foto: HENRIK MONTGOMERY / Scanpix

Fredrik Reinfeldt i Riksdagen.

Fredrik Reinfeldt lovar å halde fram den økonomiske politikken frå førre regjeringsperiode.

Foto: BOB STRONG / Reuters

Cataria Elmsäter Svärd og Anna Karin Hatt blir nye statsrådar i næringsdepartementet. Peter Norman blir ny statsråd i finansdepartementet, medan Erik Ullenhag blir ny statsråd i arbeidsmarknadsdepartementet. Det blir også Hillevi Engström.

Ulf Kristersson og Stefan Attefall blir nye statsrådar i sosialdepartementet.

LES OGSÅ: Frå SVT: Dette er dei sju nye statsrådane

Nytt departement

Integrerings- og likestillingsminister Nyamko Sabuni flyttar til ein statsrådspost i utdanningsdepartementet. Eskil Erlandssson får ansvaret for eit nytt landsbygdsdepartement.

Sosialminister Cristina Husmark Pehrsson, finansmarknadsminister Mats Odell, infrastrukturminister Åsa Torstensson og høgskuleminister Tobias Krantz går ut av regjeringa.

Mange av regjeringsmedlemene frå den første Reinfeldt-regjeringa blir med vidare, og leiarane for dei fire partia i koalisjonen, Moderaterna, Kristdemokraterna, Centerpartiet og Folkpartiet skal framleis ha sentrale posisjonar i regjeringa.

LES OGSÅ: Miljöpartiet blir ikke støtteparti

LES OGSÅ: Alliansen får ikke flertall i Sverige

LES OGSÅ. Alliansen manglet 16 stemmer for å få flertall

- Lønsamt å jobbe

Reinfeldt heldt regjeringserklæringa si i dag, og han lovde å verne om den sterke økonomiske stillinga Sverige har. Han slo også fast at arbeidslina ligg fast, og at alle som jobbar skal merke at det løner seg.

Den svenske statsministeren sa også at regjeringa kjem til å opne for nye skatteletter med vekt på dei med låge- og mellomstore inntekter, når økonomien etter kvart snur.

Den borgarlege alliansen har ikkje lenger fleirtal i Riksdagen. Det innvandringsfiendtlege Sverigedemokraterna er på vippen, og det blir spennande å sjå kven Reinfeldt vil prøve å søkje støtte hos.

LES OGSÅ: 298 stemmer fra majoritetsregjering

LES OGSÅ: 298 stemmer fra majoritetsregjering

LES OGSÅ: Sahlin tapte på motstand mot billigere tjenester

LES OGSÅ: Reinfeldt skrev historie - men bakom synger Sverigedemokraterna

LES OGSÅ: Reinfeldt skrev historie - men bakom synger Sverigedemokraterna

SISTE NYTT

Siste nytt