Dramatiske scener fann stad under innspelinga av ein musikkvideo i Nashville i USA tysdag.
Ei kvinne hadde klatra over gjerdet på ei bru, og stod og heldt seg fast i gjerdet.
På ein overvakingsvideo som skal visa hendinga, kan ein sjå to personar gå roleg bort til kvinna – mellom anna artisten Jon Bon Jovi, skriv AP.
Personane vert ståande og prata med kvinna som står ute på kanten.
Etter ei stund snur ho seg mot dei, og får hjelp til å komma seg tilbake over gjerdet. Kort tid etterpå får ho ein god klem frå artisten, før dei går saman ned frå brua.
Det var politiet som offentleggjorde overvakingsvideoen som skal vise hendinga.
I ei kort utsegn dei sende ut saman med videoen, heiter det at dei gjerne vil gje ein «shout out» til Bon Jovi og folka hans, skriv BBC.
– Bon Jovi hjelpte til med å overtala kvinna til å komma ned frå bruavsatsen og i tryggleik.
Brua fekk namn etter ei liknande hending
Ifølge lokalavisa The Tennessean var Bon Jovi i ferd med å spela inn ein musikkvideo til låta «The People's House»
Brua var likevel open for publikum medan innspelinga gjekk føre seg.
Politiet seier den dramatiske hendinga skjedde tysdag på Seigenthaler gangbru i Nashville, hovudstaden i staten Tennessee.
Musikkvideoinnspelinga til Jon Bon Jovi vart meir dramatisk enn nokon hadde tenkt seg på førehand.
Foto: Michael Tran / AFPIfølge avisa vart brua i 2014 kalla opp etter John Seigenthaler, som på 1950-talet fekk hindra ein mann i å hoppa frå nettopp denne brua.
– Om ein kjem i ein liknande situasjon sjølv, er det alltid best å prøve å hjelpe ved å prate roleg saman, å gi tilbod om støtte og hjelp.
Det seier Lars Mehlum, senterleder ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -førebygging til NRK.
– Om mogleg bør ein også prøve å få hjelp av politi eller andre naudetatar, fordi dei ofte har kompetanse på korleis ein skal opptre i slike situasjonar, seier Mehlum.
– Alle treng me kvarandre for å halda oss trygge, sa politisjef John Drake i ei utsegn etter hendinga.
Lang karriere
Artisten har ikkje ville kommentera hendinga, av omsyn til kvinna han hjelpte.
Han er mest kjend som vokalisten i rockegruppa Bon Jovi, som vart danna i 1983.
Blant dei mest kjende låtane deira er Livin' on a prayer (1987) og You give love a bad name (1986).
Jon Bon Jovi har òg hatt ein lang solokarriere som artist, og har i tillegg spelt i fleire filmar.