Politiet fekk melding om at ei ung, bleik og forvirra jente gjekk rundt i gatene i ein forstad til den austerrikske hovudstaden.
Jenta identifiserte seg som Natascha Kampusch, som vart bortført i mars 1998 medan ho var på veg til skulen.
Mysterium
Kidnappinga leidde til ei av dei mest omfattande politi-etterforskingar i austerriksk historie, men saka vart aldri løyst.
Saka har vore eit stort mysterium i alle desse åra. Mannen som politiet trur kidnappa den 10 år gamle jenta i 1996, den 44 år gamle telemontøren Wolfgang Priklopil, tok truleg livet sitt onsdagskvelden ved å kaste seg framfor eit tog i Wien.
Det er førebels uklart om Natascha har blitt seksuelt misbrukt under fangenskapen i eit lite rom under garasjen til det hytteliknande huset Priklopil budde i landsbyen Strasshof utanfor Wien.
Foreldra til Natascha, Brigitta Sirny og Ludwig Koch, kjende att dottera si med ein gong fordi ho har eit lett gjenkjenneleg arr.
Ekstremt bleik
Natascha var ekstremt bleik då ho vart funnen, men såg elles ut til å vere ved god helse. Ho har fortalt at ho ikkje fekk lov til å forlate eigedomen der ho vart halden fanga.
Ho har vidare fortalt at ho fekk høyre radio og lese aviser under fangenskapet, og at kidnapparen har undervist henne i dei viktigaste skulefaga.
Psykologar som ein lokal radiostasjon har snakka med trur Natascha har lide av det såkalla Stockholm-syndromet, som ikkje er uvanleg i kidnappings- og gisselsaker. Offeret får sympati for forbrytaren ved å sjå seg sjølv i same situasjon.
Mistenkt
Politiet opplyser at Priklopil var ein av dei over 1000 potensielt mistenkte i bortføringssaka i 1996 som var avhøyrt i saka, men det var aldri konkrete bevis som kunne knytte han til brotsverket.
Dette trass i at ein ven av Natascha hadde peika ut ein bil lik varebilen hans som bilen som vart brukt under kidnappinga.
Huset hans vart aldri gjennomsøkt av politiet.
Det er uklart om Priklopil gjorde sjølvmord før eller etter at Natascha kom seg ut av fangekjellaren.