Hopp til innhold

Kjoleprotest i Iran etter at politiet kledde ut ein mann som straff

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet i Iran tvangskledde den dømte mannen i ein rosa kjole og køyrde han rundt i byen for å audmjuke han.

Ikkje ein, ikkje to ... men åtte politibilar var med i følgjet då den dømte iranske mannen vart vist fram til nysgjerrige tilskuarar i byen Marivan, som ligg aust i Iran.

Mannen vart stånde framst på lasteplanet på ein politibil iført ein rosa kjole medan han var omkransa av maskert og væpna politi.

(sjå video øvst i saka)

Den uvanlege straffen, som vart utført i midten av april, vart bestemt av ein lokal rettssal i byen. Dette har skapt store protestar i Iran, både i gatene, i parlamentet og på nettet.

Tatt opp i parlamentet

Kjoleaksjon i Iran

Mann i kjoleaksjon.

Foto: Facebook
Kjoleaksjon i Iran

Mann i kjoleaksjon.

Foto: Facebook

17 medlemmer av parlamentet i Iran har skrive under på eit brev og sendt det til justisdepartementet i landet, der dei fordømmar straffen og kallar den «audmjukande for muslimske kvinner». Ein av dei har også tatt det opp offentleg i parlamentet.

Den rosa kjolen mannen var kledd i var ein tradisjonell kurdisk kvinnedrakt. Kanskje difor har kurdiske menn i landet engasjert seg og starta ein protestaksjon på Facebook, der mange har lagt ut bilete av seg sjølv i kjole.

Under namnet «Å vere kvinne er ikkje audmjukande, og bør ikkje sjåast på som straff», har no fleire hundre menn publisert bilete av seg sjølv i kjoler. I løpet av ei knapp veke har 10.000 til no likt gruppa.

– Hån mot kvinner

Nokre kvinner har også publisert bilete av seg sjølv på sida, men då kledd ut som menn.

– Denne straffen var eit hån både mot kvinner og mot kurdisk kultur. Den persiske dommaren meinte at det var verre å kle den kriminelle ut i kurdiske kvinnekler enn ein vanleg straff. Me vil støtte kurdiske kvinner ved å kle oss ut, for å vise dei at det er ingenting å skamme seg over å vere kvinne, skriv grunnleggjaren av gruppa.

Offentleg audmjuking er ikkje ein uvanleg straff i det iranske samfunnet, men ifølgje Gay Star News er det første gong det skjer i Iran at nokon har blitt dømt til å iføre seg kvinnekler.

Kjoleaksjon i Iran

Mann i kjoleaksjon.

Foto: Facebook

SISTE NYTT

Siste nytt