Hopp til innhold

Forargelse over iransk homo-utspel

Forholdet mellom Iran og Aserbajdsjan har surna ytterlegare på grunn av Eurovision Song Contest. Prestestyret i Iran kritiserer regjeringa i Baku for antimuslimsk oppførsel og har trekt ambassadøren sin frå landet.

Baku EUROVISION

IRLAND SITT BIDRAG: Tvillingane «Jedward» i fargerike kostyme under delfinalen i ESC. Iran går hardt ut mot songkonkuransen og meiner Aserbajdsjan arrangerer ein homoparade.

Foto: VANO SHLAMOV / Afp

Eurovision Song Contest-sirkuset har også nådd Iran.

Ayatollah Sobhani oppfordra i ei kunngjering alle muslimar til å protestere mot det han ser på som antimuslimsk oppførsel frå regjeringa i Aserbajdsjan, ifølgje Reuters.

Sist i rekkja av sure utspel er ein kommentar frå Iran om at ESC skal vere ein homoparade.

– Me har høyrt at Baku skal arrangere Eurovision Song Contest og at det skal vere ein homoparade under konkurransen, seier Sobhani, ifølgje det delvis nasjonale iranske nyheitsbyrået Fars.

Aserbajdsjanarar svarte med å bere banner med bilete av den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad og den åndelege leiaren i landet, Ayatollah Ali Khamenei, med teksten «Aserbajdzsjan treng ikkje prestar – homoseksuelle».

Dette forarga sjølvsagt i sin tur Iran.

Etter månader der landa skuldar kvarandre for å blande seg i den andre sine saker, enda det med at Iran kalla tilbake sin ambassadør «for konsultasjonar» i Teheran.

(Saka held fram under biletet)

Ayatollah Mohammad Asef Mohseni

Ayatollah Mohammad Asef Mohseni og prestestyret i Iran likar ikkje at Aserbajdsjan arrangerer Eurovision Song Contest.

Foto: Omar Sobhani / REUTERS

Større kontekst

ESC-striden mellom landa som deler religion, men ikkje styresett, er ein del av større diplomatiske vanskar.

Iran har skulda Aserbajdsjan for å hjelpe Israel med å drepe iranske atomforskarar.

Aserbajdsjan har på si side arresterte titals personar dei mistenkjer for å ha band til den iranske revolusjonshæren, og for å ha planlagt åtak på mål som inkluderer den israelske ambassadøren.

Aserbajdsjanske styresmakter skuldar uoffisielt Iran for å prøve å auke muslimsk innverknad i det sekulære landet.

Nettsidene til styresmakter er blitt angripne av hackarar som krev ESC stoppa, og innbyggjarar i Baku har fått flygeblad og videoar i postkassane som fordømmer konkurransen og det dei kallar «homoparaden».

Fornærma

– Eg veit ikkje kven som har fått denne ideen i hovudet sitt i Iran. Me arrangerer ei musikkonkurranse, ikkje ein homoparade, seier Ali Hasanov, ein talsmann for presidenten i Aserbajsjan, Ilham Alijev.

Arrangørane av ESC har vore opptekne av at konkurransen skal fokusere på musikk, ikkje politikk.

Men det kan sjå ut som det blir ein blanding av begge.