Hopp til innhold

Atomforhandlingar med Iran hanglar vidare på overtid

Forhandlingane om det iranske atomprogrammet held fram på andre dagen i Bagdad, men ein iransk delegat seier torsdag morgon at det ikkje er grunnlag for nye forhandlingar.

Atomsamtalar mellom Iran og omverda i Bagdad.

Den iranske delegasjonen ved atomforhandlingane i Bagdad.

Foto: HANDOUT / Reuters

Dei såkalla 5+1-landa, Storbritannia, Kina, Frankrike, Russland og USA pluss Tyskland, håpar å kunne få Iran til å stanse opprikinga av uran til 20 prosent, og tilbyr i staden fleire tiltak for å betre forholdet mellom Iran og omverda.

EUS utanrikssjef Catherine Ashton og leiaren for det nasjonale tryggingsrådet i Iran, Saeed Jalili

EUs utanrikssjef Catherine Ashton saman med leiaren for den iranske delegasjonen, Saeed Jalili.

Foto: - / Afp

Forslaget skal tilby Iran ein form for bytehandel, der Iran ved å stanse oppriking av uran til 20 prosent skal få det dei treng til sivilt bruk frå utlandet. Ein medlem i den iranske delegasjonen seier til AFP at dette forslaget er uinteressant for Iran, sidan dei no produserer det uranet dei treng.

– Står langt frå kvarandre

Den anonyme delegaten seier at dei har bede 5+1-landa om å sjå på forslaget sitt igjen, og han gir uttrykk for at partane no står for langt frå kvarandre til å kunne bli samde om nye forhandlingar.

Det vart tidlegare i dag sagt at forhandlingane i dag neppe ville vare meir enn eit par timar, men samtalane er no fleire timar på overtid.

Iran skal ha presentert eit motforslag til delegasjonen, men det er uklart kva det konkrete innhaldet er.

Det statlege iranske nyheitsbyrået IRNA har kalla forslaget frå 5+1-landa, som vart lagt fram av EUs utanrikssjef Catherine Ashton i går, som utdatert og ubalansert.

Ein journalist i den iranske fjernsynsstasjonen Al-Alam seier til AFP at det ikkje blir nokon avtale om nye forhandlingar, om ikkje 5+1-landa endrar synspunkta sine.

Han meiner at dei seks landa i stor grad brukar dei same argumenta som Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

LES OGSÅ: Iran og IAEA nær inspeksjonsavtale

LES OGSÅ: Langa ut mot Iran og Nord-Korea

Tillitskapande tiltak

Observatørar trur det beste ein kan håpe for forhandlingane i Bagdad er ein avtale om å halde fram forhandlingane på eit lågare nivå, der eitt av måla vil vere å få bli samde om tiltak som kan byggje opp tilliten mellom partane.

Ein amerikansk delegasjonsmedlem seier til nyheitsbyrået Reuters at det er stor avstand mellom partane på fleire viktige felt, men at det er også fleire punkt der dei er på line.

– Eg trur vi ser starten på nye forhandlingar, seier den anonyme delegaten.

Samtalane starta opp igjen klokka 0730 norsk tid, og ei kjelde seier at dei kan bli avslutta alt i løpet av føremiddagen.

LES OGSÅ: – Iran prøver å skjule spor

LES OGSÅ: Iran ruster opp atomprogrammet

Truar med militært angrep

Bakteppet for forhandlingane i Bagdad er dramatisk. Om det ikkje er mogleg å få til ein avtale med Iran i denne omgang, er faren større for at striden kan ende i ein militær konflikt.

Israel og fleire vestlege land er sikre på at Iran har som mål å skaffe seg atomvåpen. Iran avviser dette, og både den øvste leiaren, ayatolla Ali Khamenei og president Mahmoud Ahmadinejad, har fleire gonger slått fast at atomvåpen er i strid med islam.

Dette er det ingen som let seg overtyde av, og Israel har gjort det klart at landet kan handle på eiga hand mot Iran, dersom det er naudsynt.

– Uakseptabelt

Israelske leiarar har fleire gonger sagt at det ikkje er tvil om at Iran prøver å skaffe seg atomvåpen, og at målet til landet er å utslette staten Israel. Israelske styresmakter har gjort det klart at dei ikkje kan akseptere eit Iran med atomvåpen, og det same har USA sagt.

Fleire land har åtvara mot eit angrep på Iran, fordi det kan utløyse ein storkrig i Midtausten som ingen anar konsekvensane av.

SISTE NYTT

Siste nytt