I 57 år ha Israel okkupert dei palestinske områda Vestbreidda og Aust-Jerusalem.
I dag vart det klart at okkupasjonen bryt med folkeretten og med palestinarane sin rett til sjølvbestemming.
Det er vurderinga til Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ). Dommar Nawaf Salam las opp utsegna frå Fredspalasset i Haag.
– Israel er forplikta til å avslutte alle nye busettingar og kome seg ut av dei okkuperte områda så raskt som mogleg. Retten krev evakuering av alle busettarar i okkuperte område.
Dommar Nawaf Salam er ein av 15 dommarar i ICJ. Han las opp utsegna.
Foto: Phil Nijhuis / AP– Dette er ei svært kraftfull utsegn frå FNs høgste domstol, seier Noregs utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.
– Det er ein klar og tydeleg beskjed til Israel, som vi forventar at dei etterlever umiddelbart, seier han.
Utanriksminister Espen Barth Eide sa torsdag til NRK at den israelske okkupasjonen nærmar seg annektering. No har ICJ vurdert det likt.
Foto: Johanna HaugeOgså statsminister Jonas Gahr Støre seier han forventer at utsegna vert respektert av israelske styresmakter.
– Dette stadfestar grunnlaget for ein mangeårig kritikk av okkupasjonen og bygging av busettingar på okkupert land, seier han til NRK.
Men Israel har allereie avvist utsegna, og kallar ho verkelegheitsfjern.
Kva er dei okkuperte områda?
– Dette er den viktigaste av alle rettsprosessane om Israel og Palestina akkurat no. Det handlar om sjølve kjernen i heile konflikten, seier Cecilie Hellestveit frå Folkerettsinstituttet.
– Det er denne utsegna som verkeleg kan få konsekvensar for korleis andre land samhandlar og handlar med Israel.
Det er FN si generalforsamling som har bede domstolen ta stilling til okkupasjonen av Vestbreidda og Aust-Jerusalem og kva konsekvensar det gir Israel og FN-landa.
Vestbreidda og Aust-Jerusalem, i tillegg til Gazastripa, er palestinske territorium. Det slår FN fast i ein resolusjon frå 1947.
Men sidan Seksdagarskrigen i 1967, då Israel tok kontroll over dei to sistnemnde områda, har over 700.000 israelarar slått seg ned og bygd opp små og store samfunn der.
Israels myndigheitar kallar den nordlege delen av Vestbreidda for Samaria, og den sørlege for Judea.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKBusettarane, og Israel, meiner dei har ei historisk rett på området, og viser til Bibelen. Samstundes pressar dei palestinarar ut av heimane sine og frå området.
Dette er ein villa politikk frå Israel, som ICJ no har vurdert som annektering og eit brot på folkeretten.
Annekterer palestinske område
ICJ krev ei evakuering av alle busettarar i okkuperte område. Domstolen meiner også at Israel er forplikta til å erstatte skadene gjort på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem.
Sidan Netanyahu fekk makta har busettingane auka i tal og omfang. Det registrerer den israelske organisasjonen Peace Now.
Bustadprosjekt i den israelske busettinga Givat Ze'ev på Vestbredden, 18. juni 2023.
Foto: AP– Retten ser med stor bekymring at busettarpolitikken har auka, sa Salam frå ICJ-rettssalen.
24.300 nye hus er sett opp på palestinsk territorium i 2022 og 2023. Særleg etter krigen på Gazastripa braut ut 7. oktober, har det eskalert.
I juli godkjente Israels regjering over 5.200 nye busettarhus.
Retten slår også fast at busettarpolitikken til Israel har skapt vald mellom busettarar og andre. Israel har systematisk feila i å hindre valden og å straffe busettarar, meiner ICJ.
Denne muren går rundt og gjennom delar av Vestbreidda. ICJ har tidlegare råda Israel til å fjerne muren, men det har ikkje Israel lytta til.
Foto: NIR ELIAS / Reuters / NTBBusettingane og busettarvalden er delar av den «systematiske diskrimineringa mot palestinarar», ifølge Salam, som også nemner:
- konstruksjonen av infrastruktur på okkupert område og muren som går rundt og gjennom delar av Vestbreidda
- utnytting av naturressursar
- proklamasjon av Jerusalem som Israels hovudstad trass at Aust-Jerusalem er palestinsk
- omfattande bruk av israelsk nasjonal lovgiving i Aust-Jeruslaem og Vestbreidda
Israel okkuperer Vestbreidda og Aust-Jerusalem, og 700.000 israelarar har busett seg der. I dag kom ICJ med si vurdering av okkupasjonen.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKPolitikken og praksisane er laga slik at dei skal vare evig og ha irreversibel påverknad på bakken, sa Salam frå Fredspalasset.
– Israel annekterer store delar av det okkuperte palestinske territoriet.
Ikkje juridisk bindande
ICJ har altså ikkje kome med ein dom, men ei rådgjevande utsegn. Slike utsegn er ikkje rettsleg bindande.
– Men om Israel eller andre land vel å sjå vekk frå utsegna, ser dei samstundes vekk frå sjølve folkeretten. Då kan ein med rettsleg tyngde seie at dei bryt med folkeretten likevel, seier professor Jo Stigen ved Institutt for offentleg rett.
Jo Stigen er jurist og forskar på folkeretten. Han seier at ei ICJ-utsegn vil vere viktig sjølv om ho ikkje er juridisk bindande.
Foto: Christian BreilidIsrael har tidlegare avvist utsegn frå ICJ.
I 2004 meinte domstolen at den israelske muren på Vestbreidda, som skil mange palestinske familiar frå kvarandre, bryt med folkeretten og bad Israel øydelegge han.
Sidan har Israel berre forlenga muren.
Den viktigaste rettssaka
Usemja rundt dei palestinske territoria er kjernen i konflikten i Midtausten. Hellestveit forklarer at det største hinderet for ein sjølvstendig palestinsk stat, noko også palestinske styresmakter, FN og fleire aktørar seier.
– Utsegna frå ICJ kjem på eit kritisk tidspunkt for palestinarane, seier Hellestveit.
No er den internasjonale stemninga i favør av palestinsk sjølvstyre.
Cecilie Hellestveit er jurist, forskar ved Folkerettsinstituttet, Midtausten-kjennar og har doktorgrad i krigens folkerett frå UiO. Ho meiner dette er den viktigaste internasjonale rettssaka om Midtausten-konflikten.
Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRKDei fleste FN-land anerkjenner Palestina som stat. Men i går kom Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga, fram til at det vil vere ein eksistensiell trugsel mot Israel.
– Det gjorde dei for å imøtegå på det som kom frå Haag i dag. Dei set nok ikkje pris på det som kom derifrå, for å seie det forsiktig, seier Hellestveit.