Hopp til innhold

Her sit fredspris­vinnaren – det mest berykta fengselet i Iran

Evin-fengselet i Teheran er kjend for brutalitet og tortur. Her betaler Narges Mohammadi prisen for å kjempe for menneskerettar.

Etter av brannen i Evin-fengselet i Teheran i Iran 17. oktober 2022.

Eit bilete av Evin-fengselet i Teheran ein brann i 2022.

Foto: Wana News agency / Reuters

På eit kaldt betonggolv ligg over 30 innsette. Dei heldige har fått eit ullpledd til natta.

I bakkane mot dei massive fjella i Teheran finn ein Evin-fengselet. Der sitt nobelprisvinnar Narges Mohammadi.

Saman med Mohammadi sit kriminelle, politiske fangar, journalistar, og andre menneskerettsaktivistar. Organisasjonar som Amnesty International meiner fengselet notorisk bryt menneskerettar.

Tortur og lange periodar i isolasjon er nokre av forteljingane frå dei som har vore der.

– Fengselet ligg over byen og dominerer han. Du ser det alltid, uansett kvar du er. Som ei stadig påminning for folk om at fengselet finst, seier Kjetil Selvik, seniorforskar ved NUPI, Norsk utenrikspolitisk institutt.

Evin fengsel

Inngangen til Evin-fengselet høgt opp i Teheran. Her ser ein utover byen.

Foto: Wana News AgenCy / Reuters

Fengselet opna i 1972, nokre år før den islamske revolusjonen i 1979. Då blei sjahen styrta og Ruhollah Khomeini fekk makta. Han er forgjengaren til Ali Khameini, som styrer i dag.

Sjølv med nytt regime held torturen av politiske fangar fram.

– Fengselet har blitt eit symbol på alt som gjekk gale under revolusjonen, og alle draumane som aldri gjekk i oppfylling, seier Selvik.

Forsker Kjetil Selvik ved NUPI. Foto: ESKIL WIE FURUNES / NRK

Kjetil Selvik er seniorforskar ved NUPI. Han trur situasjonen i fengselet har forverra seg etter Mohammadi fekk fredsprisen.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Fengselet har fleire gonger blitt brukt til avrettingar – men og blitt eit symbol på einevelde og intoleransen for dissensar, frykt og kontroll.

– Fengselet har skrive seg inn i den iranske kollektive bevisstheita som eit symbol på undertrykking og ein stad som manar til frykt. Ei stadig påminning om grensene dei må respektere, kva dei kan seie og gjere, seier forskaren.

Et lager og verksted på innsiden av Evin-fengselet

Eit laget og verkstad i Evin-fengselet.

Foto: WANA NEWS AGENCY / Reuters

Fysisk og psykisk tortur

Ein rapport frå menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch i 2004 skildra metodar som blei brukt til å avhøyre politiske fangar i fengselet.

– Styresmaktene trugar med tortur, fengsling på ubestemt tid, tortur av familiemedlemmar, bedrageri, audmjuking, og nekte innsette medisinsk behandling og familiebesøk. Daglege avhøyr kan vare i opptil fem eller seks timar, heiter det i rapporten.

Journalisten Roxana Saberi sat fire månadar i Evin-fengselet i 2009.

Satelittbilde av Evin fengsel i Teheran

Eit satellittbilete av Evin-fengselet i Teheran.

Foto: Maxar Technologies / AFP

– Eg veit om innsette som har blitt fysisk torturert i Iran. Eg vart ikkje det. Det var meir psykisk press, det som blir kalla kvit tortur. Det etterlet ikkje eit merke på kroppen din, men kan øydelegge sinne og bevisstheita, sa Saberi til radiokanalen NPR i 2016.

– Alle i Iran kjenner til fengselet, og det er ein stad der ingen vil ende opp. Det har ein disiplinerande effekt, seier Selvik.

Opprør og brann

Midt under protestane etter at Masha Amini døde i fjor, braut det ut opprør i Evin-fengselet.

15. oktober 2022 vart det meldt om brann, skyting og eksplosjonar. Internasjonale nyheitsbyrå meldte at minst åtte mista livet og 61 blei skada.

Amnesty International krav internasjonalt vern for dei innsette etter hendinga.

Dette bildet fra nyhetsbyrået Mizan News Agency viser sammenstøt på en avdeling i Evin-fengselet i Teheran, Iran, søndag 16. oktober 2022. En kraftig brann i fengselet som huser politiske fanger og regjeringsfiendtlige aktivister, drepte fire innsatte, opplyser landets rettsvesen.

Eit bilete frå innsida av fengselet etter opprøret i oktober 2022.

Foto: Koosha Mahshid Falahi / AP

Hacker-gruppa Edalat-e Ali har lekka fleire videoar frå innsida av fengselet. Gruppa arbeider for å vise innsida av det iranske regimet.

Dei har mellom anna lekka videoar som viser at fengselsbetjentar slår innsette. I denne videoen frå 2022 viser fengselsceller med mellom 30 og 50 innsette.

Trur situasjonen forverrar seg

Fredsprisvinnar Narges Mohammadi har vore inn og ut av fengselet. Menneskerettsforkjemparen er til saman dømd til 31 år fengsel og 154 piskeslag.

Det er eit bilete av Evin-fengselet som ein stad der vestlege styresmakter er heilt makteslause, seier Selvik.

Les også – Vil fortsette kampen selv om jeg må tilbringe resten av livet i fengsel

Narges Mohammadi 

– Det er mange land i verda der mektige land i Vesten har moglegheit til å påverke kven som sit i fengsel:

– Medan Evin-fengselet er ein stad der vestlege land også kjenner seg makteslause. Dette er utanfor deira rekkevidd over kva dei kan gjere noko med.

På dette arkivbildet fra 13. juni 2006 sitter iranske kvinnelige innsatte på cellen sin i Evin-fengselet nord for Teheran.

Eit bilete på innsida av fengselet frå 2006.

Foto: Atta Kenare / AFP

Korleis trur du situasjonen er for Narges Mohammedi etter ho fekk fredsprisen?

– Eg trur dei nærast vil straffe henne for at ho gir Iran denne uønskte merksemda. Dei vil sjå det som eit teikn på at ho ikkje er knekt enno, og sørge for at ho blir det. Samstundes er det nok ei vitamininnsprøyting for Mohammedi, seier Selvik.

SISTE NYTT

Siste meldinger