NRK Meny
Normal

Helsereformen i USA fekk fleirtal

Med 219 mot 212 stemmer er den amerikanske helsereformen godkjend i Representantenes hus.

President Barack Obama trengte 216 stemmer for å få den omstridde reformen godkjend.

Dermed er om lag 30 millionar amerikanarar, som i dag står utan helseforsikring, sikra å få det.

219 kongressrepresentantar stemte for, medan 212 stemte mot. Ingen av republikanarane i Representantenes hus støtta forslaget.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt