Hopp til innhold

Heitebølgje har teke over 40 liv

Amerikanarane prøver å halde seg avkjølte i temperaturar over 38 gradar celsius i mange amerikanske byar. Varmen har hittil kravd minst 42 menneskeliv.

USA hetebølge

Ein budbilsjåfør i New York har ein varm dag på jobben 6. juli.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

USA hetebølge

Born leikar i fontene på Lower East Side i New York 7. juli.

Foto: ANDREW BURTON / Reuters

Mange byar i USA har sett varmerekordar i løpet av helga, melder AP.

Hovudstaden Washington kunne melde om 40,5 gradar, St. Louis om 41, og Idianapolis om 40 gradar.

Meir enn 20 statar opplevde temperaturar på midten av 30-talet og høgare på celsius-gradestokken.

Fleire eldre døyr

Det er meldt om minst 42 dødsfall på grunn av heten. Dei fleste av dei var eldre borgarar.

Fleire heimar er blitt råka av straumstans, noko som gjer at det ikkje er råd å sleppe unna heten.

Vegar i statane Illinois og Wisconsin er blitt øydelagde av varmen.

Eit tog i Maryland skal ifølgje etterforskarar truleg ha spora av fordi varmen førte til knekk på skinnene. Ingen skal ha blitt skadde i avsporinga.

– Spar straum

USA hetebølge

Born kjølar seg ned i fontene i Silver Spring, Maryland, nord for Washington 7. juli.

Foto: THOMAS CHENG / Afp

Mange av innbyggjarar på austkysten, som mista straumen etter uvêret førre veke, har enno ikkje fått den att.

Det gjeld 120.000 menneske i West Virginia og 8.000 rundt byane Baltimore og Washington.

I Washington-området ber straumselskap kundane om å spare på straumen sidan varmen «stressar systemet».

Prøver å kjøle seg ned

Folk er kreative i å finne måtar å kjøle seg ned på. Mellom anna går dei mykje på kino fordi salane er svale og luftkondisjonerte.

Eller dei tek undergrunnsbana utan å skulle nokon spesiell plass.

Dukkerten til ein mann i Fox River i Aurora endte likevel i tragedie. Mannen hadde tidlegare vore ute og drukke med vener, og drukna i elva.

Obama

Til og med presidenten slepp ikkje unna varmen. Her er han på eit besøk på Carnegie Mellon universitetet i Pittsburg, Pennysylvania 6. juli.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt