Hopp til innhold

Hard konkurranse om små oljefelt

Fram til nå har oljeselskapa her i landet jakta berre på dei store olje og gassfelta. Over 100 småfunn blei liggjande urørde - heilt fram til nå.

 

Oljepenger
Foto: Sara Johannessen, Johannessen, Sara / Scanpix

Det har nærast vore eit lite mareritt for Oljedirektoratet og oljeministrane dei siste 10-15 åra at oljeselskapa berre har jakta på dei store olje og gassfelta.

Dei små felta, som kanskje ikkje inneheldt meir enn 50 millionar oljefat, dei blei liggjande urørde.

På det meste hadde vi her i landet funne fleire enn 100 slike felt.

Men dei berre låg der, slike små oljepyttar brydde ikkje selskapa seg om. Og når oljeselskapa som hadde fått konsesjon, hadde utført sine pålagde oppgåver, kunne ikkje styremaktene tvinga selskapa til utbyggingar.

Men nå skjer det endringar. Plutseleg er det blitt beinhard konkurranse om desse småfelta. Dette er ein konkurranse som er både positiv og etterlengta, seier direktør Bente Nyland i Oljedirektoratet.

Kvifor er småfelta nå interessante?

Det er først og fremst to grunnar til at situasjonen er endra. For det første er det oljeprisen. Med ein venta oljepris på rundt 60 dollar fatet er olja også i småfelta blitt gull verd. Det har ført til at talet på småfelt som ikkje er utbygde, er redusert frå vel 100 til kanskje ikkje meir enn 60.

Resultatet er at idag kjem rundt 17 prosent av den norske oljeproduksjonen frå slike småfelt. Den andre viktige gunnen til auka interesse for småfelt den finn vi i at det stadig blir meir krevjande for norske selskap å skaffa seg auka ressursar i utlandet, både på grunn av aukande ressursnasjonalisme i fleire oljeland, og fordi kjøp av olje på rot er svært dyrt.

Difor blir norsk sokkel meir interessant, særleg for dei norske oljeselskapa. Nå er det småfelta som skal redda ressursbasane til Hydro og Statoil.

Statoil/Hydro får konkurranse

Dei 2-3 siste åra er det etablert omlag 40 nye små oljeselskap her i landet. Dei er alle såkalla prekvalifiserte av oljedepartementet for oppdrag på norsk sokkel.

Dei aller fleste av desse småselskapa ønskjer å gå laus på dei mindre felta som er funne.I tillegg ønskjer dei å ta over produksjonen av dei store oljefelta som går mot slutten, den såkalla haleproduksjonen.Dei vurderer også å gjenopna felt som er avslutta, som til dømes Odin, Yme og Frøy.

Men så skjer det: Dei små oljeselskapa møter kraftig konkurranse frå dei store oljeselskapa, spesielt Statoil og Hydro, som nå vil behalda alle småfelta sjølve.

Litt annleis ser det ut med felt dei store internasjonale oljeselskapa har i landet, som tildømes BP og Esso, dei som har brei aktivitet over heile verda sel litt her og der for å bruka pengane til aktivitetar andre stader på norsk sokkel eller andre stader i verda. Men konklusjonen er likevel: Det blir lite å ta seg til for små oljeselskap her i landet med den haldning Statoil og Hydro idag har.

Lova er endra

Idag er regelverket for leiting og utvinning på norsk sokkel endra. Idag kan styremaktene med lova i hand i større grad seia til oljeselskapa, at om du ikkje vil byggja ut dei oljefelta du finn, så skal du versågod levera feltet tilbake slik at andre kan gjera arbeidet.

Dette er viktig for oljenasjonen Noreg som innan år 2015 ventar at mellom 20 og 30 prosent av vår oljeproduksjon skal koma frå småfelta.

Ny konsesjonsrunde

I løpet av 2009 skal oljedepartementet tildela nye leiteoppgåver på norsk sokkel, og alt nå til hausten får oljeselskapa lov til å "nominera", det vil seia at dei får peika på dei områda dei synest er mest interessante for leiting.

Dette er den store sjansen for dei små oljeselskapa, samstundes som det er ei oppgåve for norske styremakter å skapa mangfald på norsk sokkel. I dag har storfusjonen StatoilHydro hand om heile 85 prosent av all oljeaktivitet på sokkelen. Ein situasjon som neppe er gunstig for oljenasjonen Noreg.

SISTE NYTT

Siste nytt