Om lag 30.000 menneske var samla ved minnesmerket i Potocari like utanfor Srebrenica onsdag for å delta i massegravferda av nokre av dei over 8.000 menneska som vart drepne i den verste massakren i Europa sidan andre verdskrigen.
Etter minnetaler og bøner vart dei enkle kistene drapert i grønt senka ned i gravene medan pårørande gret og trøsta kvarandre.
– Det er ei smerte, ei uendeleg smerte, og den 11. juli kvart år er uuthaldeleg, seier Sevdija Halilovic, ei kvinne i 50-åra som denne dagen gravlegg faren sin.
- LES OGSÅ: Mladic for retten i Haag
Nye massegraver
I alt 5.137 offer er no identifisert og gravlagde i merkte graver på den store gravplassen i Potocari. Men framleis blir det grave opp leivningar frå nyopna, umerkte massegraver i områda rundt Srebrenica.
Arbeidet med å identifisere leivningane er både vanskeleg og tidkrevjande, men stadig fleire pårørande får vite at det er deira kjære som er funne og som omsider blir gravlagde på nytt etter islamske skikkar.
30 år gamle Mujo Salihvoic hadde kome for å gravleggje faren og broren sin. Ein annan bror vart gravlagt her i fjor.
– Eg har ikkje fortalt mor mi at dei blir gravlagde i dag. Ho er sjuk og trur framleis at dei kjem til å kome tilbake, fortel han.
– Ikkje folkemord
Samstundes prøver myndigheitene i Serbia å tone ned omfanget av massakren. I førre veke sa den nye presidenten i landet, Tomislav Nikolic, at massakren var eit «grovt krigsbrotsverk», men ikkje eit folkemord.
Det fekk kraftig kritikk internasjonalt, og både USAs president Barack Obama og den britiske statsministeren David Cameron var raskt ute med å fordømme utsegna.
Dei to som var ansvarlege for massakren, den bosnisk-serbiske leiaren Radovan Karadzic og generalen hans Ratko Mladic, er begge tiltalt for folkemord i rettssakene som no går føre seg i Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia.
- LES OGSÅ: Rettssaken mot Mladic i gang igjen
For lite for seint
Men mange bosniarar meiner rettssaka kjem for seint og ikkje vil vere straff nok for brotsverka dei to står bak.
Mange fryktar også at både 70 år gamle Mladic og 67 år gamle Karadzic kjem til å dø i fengsel før rettssakene er ferdige.
– Dei kjem til å trekkje ut sakene i årevis. Til slutt kjem dei til å dø, slik som Milosevic, seier Fatima Mujic med tilvising til Serbias tidlegare president Slobodan Milosevic. Han døydde på cella i Haag i 2006 før rettssaka mot han var ferdig.