Hopp til innhold

Gaddafi-utsending har landa i Kairo

Ein mann frå den innerste sirkelen til Muammar al-Gaddafi har reist til nabolandet for å snakke med Egypt.

Generalmajor Abdel Rahman al-Zawi, som har ansvaret for logistikk og forsyningar i Libya, har landa på flyplassen i Kairo, melder nyheitsbyrået AFP.

Han kom i eit privatfly, og dei første rapportane tyda på at det var Gaddafi sitt eige fly.

Ifølgje ein talsmann for den egyptiske flyplassmyndigheita, som siterer ein libysk diplomat, skal Zawi ha hatt med seg ein beskjed frå Gaddafi til det egyptiske militærrådet, som styrer landet for tida.

Kva beskjeden var, er ikkje kjent, og ingen i militærrådet har ønskt å kommentere dette, melder nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje ei kjelde i den egyptiske regjeringa, har det høgste rådet i det egyptiske militæret kalt inn til hastemøte.

Ifølgje Al Jazeera letta tre fly tidlegare i dag samtidig frå ein militær flyplass ikkje langt frå hovudstaden Tripoli. Eitt av flya var det som landa i Kairo.

Dei to andre blir halde under oppsyn av NATO. Eitt av dei er observert over Sveits og det andre over Italia, fortel journalisten Karl Stango-Navarra frå Valletta, Malta, til Al Jazeera.

SISTE NYTT

Siste nytt