Hopp til innhold

Trugar med å angripe ved flyforbod

Muammar al-Gaddafi trugar med å gå til væpna angrep på vestlege makter om dei innfører flyforbod over Libya.

Muammar Gaddafi blir intervjua av tyrkisk TV

Muammar al-Gaddafi blir intervjua av tyrkisk TV, og åtvarar mot å innføre flyforbod over landet. TRT-reportar Mehmet Akif Ersoy intervjua den libyske leiaren.

Foto: STR / Reuters

Gaddafi seier han trur eit eventuelt flyforbod vil hjelpe han.

– Om vesten bestemmer seg for å innføre dette, vil det vere nyttig for Libya. Det libyske folket vil då sjå sanninga, og dei vil forstå at det vesten ønskjer er å ta kontroll over Libya for å stele oljen, seier han i eit intervju med den tyrkiske fjernsynskanalen TRT.

– Libya vil angripe

I går kveld bad opprørsstyrkane om at det blir flyforbod over landet, for å stanse flyvåpenet til Gaddafi.

USA-utanriksminister Hillary Clinton seier det eventuelt må ha full støtte i FN . Men USA og NATO-landa vil no diskutere om dei kan innføre ei flyforbodsone likevel.

Gaddafi trur det libyske folket vil vende seg mot Vesten om flyforbodet blir eit faktum, skriv Reuters.

– Då vil dei ta til våpen og agere mot Vesten, seier Gaddafi.

Vurderer hemanaksjonar

Intervjuet vart gjort i går kveld, då Gaddafi møtte opp på eit hotell i Tripoli , der utanlandske journalistar bur.

Han forsvann raskt ut døra etter intervjuet. Den franske fjernsynskanalen LCI har også intervjua Gaddafi, der den libyske leiaren skuldar Vesten for å prøve å ta kontroll over oljen i landet.

– Det er eit kolonialistisk komplott, seier han.

Til statleg libysk fjernsyn går han enda lenger.

– Kolonistlanda legg ein plan for å audmjuke det libyske folk, redusere dei til slavar og ta kontroll over oljen, seier han til dei.

Franske LCI stilte Gaddafi spørsmålet om kva replesalier han vurderer mot Frankrike.

– Vi får sjå, svarte han.

Russland og Kina nektar

Om ikkje FN stiller seg bak eit flyforbod, har Russland allereie sagt at dei ikkje vil vere med på å innføre det. Kina er også mest truleg veldig motvillege.

Derfor undersøkjer NATO om dei kan innføre eit flyforbod utan FN-mandatet, skriv avisa The Washington Post.

Deira kjelder seier at eit slikt flyforbod vil bli støtta av Den arabiske liga, Den afrikanske union og EU. Dei peikar på at heller ikkje luftangrepet mot Serbia hadde FN-mandat.

Video Kommentar om Libya med Gro Holm

Utanrikskommentator Gro Holm trur ikkje at eit flyforbod kjem.

SISTE NYTT

Siste nytt