Hopp til innhold

– French og Moland vert overført til Kinshasa

Joshua French og Tjostolv Moland skal bli overført til Kinshasa, hovudstaden i Kongo, seier Jonas Gahr Støre.

Tjostolv Moland og Joshua French

Nordmennene har vore i kongolesisk arrest i over to år. Her frå rettssaken i fjor vår.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Dette kom fram på eit møte mellom Jonas Gahr Støre og utanriksministeren i Kongo i New York i ettermiddag.

– Det viktige for oss er å få dei overført til eit fengsel i hovudstaden. Det arbeider me for fordi då kan saka bli handsame på ein skikkeleg måte, seier Støre.

Jonas Gahr Støre seier til NRK at dette er ein komplisert og ein vanskeleg sak mellom Noreg og Kongo, men at han no altså har fått løfte frå utanriksministeren i Kongo om at overføringa skal skje.

– Han nyttar framleis omgrepet nært føreståande, men seier at det blei utfordrande fordi folkeopinionen og dei lokale politiske styresmaktene i den delen av landet gjekk i baklås ved det såkalte fluktforsøket, seier Støre.

Støre fekk tilsvarande løfte for ei tid sidan, men dette vart ikkje tatt omnsyn til av dei lokale sjølvstyresmaktene i Kisangani.

Ville flukte frå fengselet

Dei to nordmenna vart mistenkt for fluktforsøk for nokre veker sidan, då det vart funne eit hol i taket på cella deira. Ifølgje Jonas Gahr Støre sa den kongolesiske utanriksministeren at dette sat ein stoppar for dei tidlegare planane om overflytting til hovudstaden.

– Utanriksministeren seier at dei hadde blitt flytta til Kinshasa tidlegare, dersom fluktforsøket ikkje hadde skjedd. Det er den kongolesiske versjonen, seier Støre.

Representantar frå den norske ambassaden vitja dei to drapssikta i fengselet i Kisangani i byrjinga av september. Det kom då fram at det på ny skulle bli forhandla om overføring.

Joshua French og Tjostolv Moland blei pågrepen i Kongo henholdsvis 9. og 11. mai 2009, mistenkt for drap på sjåføren Abedi Kasongo 5. mai. Begge har heile vegen nekta straffskuld. Prossesen med å få dei overført frå fengselet i Kisangani har vart i eitt år no, utan resultat.

NRK.no oppdaterar saka.

Video Støre sier Moland og French bli flyttet til Kinhasa

Jonas Gahr Støre seier til NRK at dette er ein komplisert og ein vanskeleg sak mellom Noreg og Kongo.

SISTE NYTT

Siste nytt