I eit intervju med nyheitsbyrået Reuters onsdag seier forsvarsminister Hanno Pevkurn at det var svært sterke krefter som førte til skadane på røyrleidningen Balticconnector.
Balticconnector går mellom Ingå i Finland til Paldiski i Estland, og har vore i drift sidan 2020. Leidningen knyter saman det nordeuropeiske gassnettet.
Natt til søndag fall trykket, og gassoperatøren Gasgrid konstaterte at det var brot i leidningen. Også ein datakabel er skadd.
Både tryggingspolitiet og forsvaret i Finland undersøkjer saka.
Utanriksminister Margus Tsahkna (til venstre) og forsvarsminister Hanno Pevkur på pressekonferanse i Tallinn tysdag.
Foto: Sergei Grits / APSterkt skadd
No har altså estiske styresmakter undersøkt leidningen, og Hanno Pevkurn fortel at både sjølve røyrleidningen og betongen rundt er sterkt skadd.
Området der skaden har skjedd, ligg fleire titals nautiske mil frå den finske og estiske kysten. Lekkasjen på gassrøyrleidningen er i den finske økonomiske sona, mens datakabelen har fått skader i den estiske økonomiske sona.
– Etter ei førebels vurdering kan ikkje skaden ha oppstått som følgje av normal bruk eller trykksvingingar. Det er sannsynleg at skaden er eit resultat av ekstern aktivitet, sa statsministeren i Finland, Petteri Orpo på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.
Generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg i Brussel onsdag.
Foto: JOHANNA GERON / ReutersNato varslar samla svar
Generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg seier at Nato vil komme med eit samla svar dersom det viser seg at røyrleidningen blei utsett for angrep.
– Dersom det kan bevisast at det var eit angrep på gassleidningen, vil det bli møtt av eit samla svar frå Nato, sa Stoltenberg under eit pressemøte før Natos forsvarsministermøte onsdag.
Røyrleidningen mellom Finland og Estland kryssar Finskebukta, og har vore i drift sidan 2020.
Peikar ikkje på Russland
Finske styresmakter har sidan lekkasjen blei kjent vore tilbakehaldne med å plassere skuld for sabotasjen på røyrleidningen. Det er no finsk og estisk politi som har hovudansvaret for etterforskinga.
Men avisa Helsingin Sanomat skriv onsdag formiddag at det russiske lasteskipet SVG Flot låg i Finskebukta frå fredag kveld klokka 19.00 til søndag kveld klokka 20.00. Dei har gjennomgått data frå nettenesta Marine Traffic, som overvaker sjøtrafikken i heile verda.
Dette biletet, sendt ut frå den finske grensevakta, skal vise havområdet der gassleidningen blei sabotert. Avstanden mellom Estland og Finland, der røyrleidningen går, er i underkant av 50 nautiske mil (80 kilometer).
Foto: Den finske grensevaktenRussland-ekspert Marko Eklund meiner også det er svært sannsynleg at Russland står bak brotet på leidningen. Ifølgje han kan motivet vere å vise ei form for reaksjon på finsk Nato-medlemskap.
– I denne situasjonen er det veldig vanskeleg å sjå andre aktørar enn Russland, seier Eklund til den finske allmennkringkastaren YLE.
– Hovudårsaka her er naturlegvis Finland si tilslutning til Nato. Den siste tida har retorikken vore særleg sterk frå både offisielle og uoffisielle aktørar om kva for handlingar Russland bør rette mot Finland og Vesten. Slik sett er ikkje dette overraskande, slår Eklund fast.
Ekstern aktivitet
Statsminister Orpo sa tysdag ettermiddag at etterforskinga er på eit svært tidleg stadium. Han sa at det i den spente situasjonen vi har internasjonalt no, er svært viktig å ikkje trekkje forhasta konklusjonar.
Også den finske presidenten Sauli Niinistö understreka tysdag at skaden truleg skuldast ekstern aktivitet.
Presidenten i Finland, Sauli Niinistö.
Foto: Miguel Angelo Pereira / AP– Det er sannsynleg at skaden på både gassrøyret og kommunikasjonskabelen er eit resultat av ekstern aktivitet, skreiv president Niinistö på X/Twitter.
– Årsakene til skaden er enno ikkje klare, etterforskinga held fram i samarbeid mellom Finland og Estland. Vi er i konstant kontakt med våre allierte. I dag hadde eg ein samtale med Natos generalsekretær Jens Stoltenberg. Nato er klar til å hjelpe til i etterforskinga, skreiv Niinistö.
Russland kallar skadane urovekkjande
Russland beskriv skadane på gassrøyrleidningen urovekkjande.
– Eg har ikkje teknisk informasjon, eg veit ikkje om våre spesialtenester har slik informasjon, men det er sjølvsagt ganske urovekkjande nyheiter, seier Kremls talsmann Dmitrij Peskov onsdag.
Kremls talsmann Dmitrij Peskov.
Foto: SPUTNIK / ReutersHan trekkjer også inn angrepet på gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 i Austersjøen i september i fjor.
– Vi veit at det allereie er skapt ein farleg presedens for å utføre terrorangrep mot kritisk infrastruktur i Austersjøen, eg siktar til angrepa på Nord Stream-røyrleidningane, seier Peskov.
Russland har skulda USA og Storbritannia for å stå bak aksjonen mot Nord Stream-røyra, som var bygget for å frakte russisk gass til Europa.
Aukar beredskapen ved norske installasjonar
I fjor haust, då det var det eksplosjonar på Nord Stream 1 og 2 i Austersjøen, fekk politiet hjelp frå Heimevernet til vakthald ved Mongstad, Kollsnes og Kårstø.