Normal

FN stoppar matdistribusjon i Gaza

FN har stoppa distribusjonen av mat på Gazastripa etter at sinte demonstrantar storma kontora deira.

Demonstrasjonar mot nedskjæringar av FN-støtte i Gaza

DEMONSTRERER: På grunn av nedskjæringar har FN-organisasjonen UNRWA stoppa enkelte utbetalingar til Gaza, noko som har ført til demonstrasjonar.

Foto: SAID KHATIB / Afp

800.000 palestinarar er avhengige av UNRWA, FN sitt organ for humanitær hjelp til Palestina.

På grunn av nedskjæringar har UNRWA stoppa nokre av utbetalingane. Det utløyste sinte protestar som enda med at hovudkontoret til UNRWA i Gaza by blei storma.

– Skjønar at folk reagerer

UNRWA seier at alle distribusjonspunkt blir stengt inntil alle partar kan garantere for tryggleiken til FN-personellet.

I ei pressemelding skriv UNRWA at dei skjønar at folk demonstrerer og er sinte, men at åtaket på hovudkontoret deira ikkje er akseptabelt.

– Vi skjønar at folk reagerer på at noko av pengestøtta stoppar. Vi respekterer folk sine rettar til å demonstrere fredeleg, men det som skjedde i dag er uakseptabelt, heiter det i pressemeldinga.

25 000 flyktningar blir påverka

Fleire demonstrasjonar den siste veka har tvunge FN-organisasjonen til å stenge ned fleire kontor, som går ut over palestinske flyktningar, heiter det vidare i meldinga.

– Det er ein trist sitasjon å vere i, sidan vi deler ut mat til 25 000 flyktningar kvar dag. Men vi kan ikkje tolerere slike truslar mot vårt personell, seier direktøren for UNRWA i Gaza, Robert Turner.

To tredelar av befolkinga i Gazastripa er avhengige av mat og pengestøtte frå organisasjonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt