Fire personar er døde etter at eit fly og eit helikopter kolliderte i lufta i Buckinghamshire. Det var to personar i kvart av fartøya. Det fortalde politiet på ein pressekonferanse fredag kveld, skriv BBC.
Hendinga skal ha skjedd like over klokka 13 fredag, like ved godset Waddesdon. Men ein talsperson for godset seier hendinga ikkje skjedde på sjølve eigedommen, skriv Sky News. Den britiske havarikommisjonen for flysaker er på staden for å undersøke hendinga.
Røyk på skadestaden
Journalisten Hayley O'Keeffe i lokalavisa The Bucks Herald, er på staden for å rapportere om det som har skjedd. På Twitter skriv ho at det er røyk i området der krasjet skjedde.
Politiet, ambulansar og mannskap frå fleire branndistrikt er på staden. Det lokale brannvesenet skriv på Twitter at vegen i området vil vere delvis stengt resten av dagen.
Vanskeleg tilgjengeleg område
Det er ikkje mogleg å sjå staden der fartøya styrta etter kollisjonen fordi skogen er svært tett der, skriv BBC.
Det er ikkje klart kor mange som er om bord då ulukka skjedde, men begge fartøya kom frå flyplassen Wycombe Air Park, melder Sky News. Flyet er ifølge den britiske flyhavarikommisjonen eit Cessna, skriv BBC.
Ein talsperson stadfestar dette overfor kanalen:
– Vi kan stadfeste at vi har fått informasjon om ei hending nordvest for Aylesbury der to luftfartøy frå Wycombe Air Park er involverte.