Ein mann fødd i 1983 er arrestert. Innleiande etterforsking viser at motivet for skytinga mest sannsynleg var «personlege forhold», opplyser politiet.
– Seks menneske er drepne og to såra, sa politisjef Reiner Möller frå nabobyen Aalen på ein pressekonferanse i ettermiddag.
Den eine av dei såra er livstruande skadd. Tre av dei drepne er menn,tre er kvinner. Alle dei drepne er mellom 36 og 69 år.
Alle ofra var i familie med gjerningsmannen, mellom anna var mora og faren drepne. Politiet hadde førebels ikkje oversikt over familietilknytinga til dei andre.
Familiesamankomst
Möller stadfestar at gjerningsmannen er tysk statsborgar.
Politiet opplyser at dei fekk melding om drapa klokka 12.45 i dag, og dei rykte ut til Bahnhofstrasse i småbyen med store mannskap. Dei opplyser at skytinga gjekk føre seg under det som blir kalla ein familiesamankomst i eit gjestehus.
Gjerningsmannen brukte eit halvautomatisk våpen. Våpenet vart funne utanfor gjestehuset, opplyser politisjef Möller.
Rot am See ligg i distriktet Schwäbisch Hall i delstaten Baden-Württemberg, ikkje langt frå Heidelberg, 170 kilometer nordvest for München. Det er politiet i nabobyen Aalen som etterforskar skytinga, og dei opplyser at situasjonen er under kontroll.