Tusenvis av menneske var onsdag isolerte, omgitt av vassmassane, to dagar etter at demninga brast. Ifølgje guvernøren i distriktet, skal om lag 2 800 menneske blitt frakta i tryggleik, skriv Ventiane Times.
Lokale medium melder at vasstanden held fram å stige som følgje av monsunregn, og bilete som sirkulerer på sosiale medium viser at store område er sette under vatn. Fleire hundre menneske er framleis sakna.
Ulykka skjedde ved eit vasskraftverk som har vore under oppføring i Sanamxai i provinsen Attapeu sør i landet måndag kveld.
Fem milliardar kubikkmeter vatn flauma ut gjennom seks landsbyar då demninga brast. Det svarar til snautt ein tidel av den samla vassmengda i Mjøsa.
Bilete frå området viser tungt lasta båtar som transporterer folk i tryggleik gjennom gjørmete vatn.
EVAKUERTE: Menneske frå dei seks ulike landsbyane som vart råka av flaum etter at ei demning brast sør i Laos, vert evakuerte ut av områda som er sette under vatn.
Foto: AP6 000 menneske heimlause
Meir enn 6 000 menneske skal vere heimlause som følgje av ulykka, melder BBC.
Årsaka til at demninga brast er framleis ikkje klar, men den frivillige beredskapsorganisasjon, Vientiane Rescue, opplyser at veggen i dammen brast etter fleire dagar med monsunregn, ifølgje ABS News.
Statsminister Thongloun Sisoulith har utsett møter og reist til ulykkesområdet for å følgje og organisere hjelpearbeidet.
TILFLUKT: Lokalbefolkninga tek tilflukt frå vassmassane på eit tak etter at ei demning brast sør i landet.
Foto: APVasskraftverk skulle bli sett i drift neste år
Lokale styresmakter har bede regjeringa og nærliggande område om både kle, mat, vatn og medisin til offera, ifølgje BBC.
Demninga tilhøyrer Pian Xe Namnoy, eit konsortium samansett av kraftselskap frå Laos, Thailand og Sør-Korea. Den var bygd for å halde 1 milliard tonn vatn og er 1,6 kilometer brei.
Vasskraftverket like ved skulle etter planen bli sett i drift neste år.
Ifølgje ABC News skal konsortiet seinast søndag ha åtvara om at det var stor fare for overlaup i dammen grunna monsunregnet og at dei planla å frigjere 5 000 millionar liter vatn. På grunn av dette oppmoda dei bebuarar til å evakuere lågtliggande område med det same.
BER OM HJELP: Lokale styresmakter har bede regjeringa og nærliggande område om hjelp til offera, ifølgje BBC.
Foto: APMiljøvernorganisasjonar har lenge kritisert Laos for korleis dei utviklar vasskraftverk. Det melder SVT. Dei meiner dammane dei bygger i elver som renn ut i ei av verdas største elver, Makong, har ein negativ effekt på flora og fauna rundt elva.
Fleire demningar er planlagde eller under oppføring i Laos. Det fattige landet eksporterer det meste av vasskrafta til naboland som Thailand.