Hopp til innhold

Fleire eksplosjonar i Sverige

Natt til torsdag har det vore eksplosjonar i både Stockholm, Göteborg og Nyköping utanfor hovudstaden. Fire personar med sprengstoff i bilen har blitt pågripne.

Eksplosjon Gøteborg

UNDERSØKER: Politiet er på staden etter ein eksplosjon i området Olskroken like utanfor Göteborg sentrum.

Foto: Adam Ihse / TT

I Göteborg gjekk det av to eksplosjonar ved bustadhus natt til torsdag.

– Den fyrste meldinga kom 01.04 og den andre 01.14, seier Frederik Svedemyr i politiet til nyheitsbyrået TT.

Torsdag føremiddag opplyser politiet at ein patruljebil nokre timar seinare stogga ein bil utanfor Trollhättan, nord for Göteborg. Politiet undersøker om det er ein samanheng med eksplosjonane i Göteborg.

– Det er naturleg ettersom vi fann eksplosiv i bilen. Men enn så lenge har vi ikkje funne ei tydeleg kopling, seier Sofie Konkell i politiet til SVT.

Fire hendingar

I Stockholm er det meldt om at noko har detonert, skriv SVT.

– Vi held på med å undersøke om det er ein detonasjon, skotløysing eller eventuelt begge deler, seier Mikael Petterson i hovudstadspolitiet.

Sør for hovudstaden har det vore ein eksplosjon i Nyköping. Ifylgje Expressen skjedde det i same område som ein mann blei skoten i eit drapsforsøk søndag.

Det er ikkje meldt om personskadar.

Bombegruppe på plass

Politiet har starta undersøking begge eksplosjonane i Göteborg.

– Vi utfører ei rekke etterforskingstiltak, har banka på dører og prata med menneske på staden. Vi kikkar på moglege samanhengar mellom hendingane og til og med tidlegare eksplosjonar i heile Göteborg, seier innsatsleiar Fredrik Svedemyr.

Den nasjonale bombegruppa er kalla til begge stader. Politiet har verken pågripe nokon eller har mistenkte i saka.

Forhøgja trusselsituasjon

Sverige har den siste tida vore under stort press etter fleire koranbrenningar i landet, som fall saman med deira søknad om Nato-medlemskap.

Pressekonferanse om koranbrenninger

Justisminister Gunnar Strömmer på pressekonferanse i byrjinga av august om koranbrenningar.

Foto: Caisa Rasmussen/TT / NTB

For to veker sidan oppjusterte den svenske regjeringa trusselnivået for terror. No ligg det på det nest høgaste av fem nivå.

I dag heldt justisminister Gunnar Strömmer (Moderaterna) pressekonferanse saman med Säkerhetspolisen og politiet si nasjonale operative avdeling.

Han la vekt på organisert kriminalitet, terror, valdeleg ekstremisme og statlege aktørar som bakgrunn for trusselnivået.

– Biletet kan forandre seg frå dag til dag, men den samla vurderinga frå då vi oppjusterte trusselnivået står seg framleis. Dette vil vi nok leve med i overskodeleg framtid, sa Strömmer.

SISTE NYTT

Siste meldinger