FBI lurte terrorist i felle

Ein mann vart arrestert i New York etter at han prøvde å detonere ei bombe utanfor den amerikanske sentralbanken. Bomba gjekk ikkje av fordi mannen fekk «sprengstoffet» frå ein FBI-agent.

Nafis New York

Rettsteikning frå då Quazi Mohammad Rezwanul Ahsan Nafis møtte i retten onsdag. 21-åringen frå bangladesh vart arrestert for å ha prøvd å sprenge den amerikanske sentralbanken i New York.

Foto: STRINGER / Reuters

Ein 21 år gamal mann frå Bangladesh parkerte ein varebil full av det han trudde var sprengstoff utanfor Federal Reserve Bank på nedre Manhattan i New York i dag, melder FBI i ei pressemelding.

Så gjekk han til Millennium Hotel, ikkje langt frå World Trade Center, der han prøvde å sprenge bomba på 450 kilo ved hjelp av ein mobiltelefon.

Ingenting skjedde og FBI kunne arrestere mannen, som dei hadde lurt i ei felle.

(Saka held fram)

FBI New York terrorplan federal reserve

Politiet held vakt ved Federal Reserve Bank på Liberty Street i New York etter at ein mann prøvde å sprenge ein bil utanfor bygget, men lukkast ikkje.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Samarbeidde med agent

Mannen vekte mistanke på nettet då han skreiv innlegg om Jihad, eller «heilag krig», og stod fram som ein radikal islamist.

Ein FBI-agent tok kontakt med mannen for kring tre månader sidan og gav seg ut for å vere ein medsamansvoren.

Det var agenten som leverte sprengstoffet, som var ufarleggjort, til terrorplanleggaren.

21-åringen skal ha sagt at han ville «øydelegge Amerika», og meinte at eit åtak på den amerikanske økonomien var vegen å gå.

Han skal også ha vurdert fleire andre mål for angrepet, mellom anna ein viktig tenestemann og New York-børsen på Wall Street.

(Saka held fram)

Federal Reserve New York

Federal Reserve Building på Manhattan i New York.

Foto: Frank Franklin II / Ap

Kom for å utføre terror

FBI skriv på Twitter at mannen er 21 år gamal og kjem frå Bangladesh. Namnet hans er Quazi Mohammad Rezwanul Ahsan Nafis.

Nafis kom til USA i januar i år med det mål for auge å utføre eit terroråtak, meiner FBI.

FBI skal ha eit videoopptak av Nafis der han seier «Me skal ikkje stoppe før me sigrar eller blir martyrar», som skal vere teke opp like før han prøvde å detonere den falske bomba.

Han er sikta for forsøk på å bruke masseøydeleggingsvåpen og forsøk på å gi materiell støtte til Al Qaida, ifølgje FBI.

Mannen skal truleg møte i retten seinare i kveld.

Politiet og FBI seier at innbyggjarane på Manhattan aldri var i fare.

USA terror New York

Politiet er stasjonert utanfor ein bygning i Jamaica i Queens, der mannen som er arrestert for terrorplanen skal ha budd.

Foto: HANDOUT / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt