Milliardær-sonen rømde til Jemen kort tid etter Vik Magnussen blei funnen død i kjellaren i leilegheitskomplekset hans. Han har aldri kommentert saka offentleg før no.
Abdulhak hevdar at det var ei ulukke som gjorde at Vik Magnussen døydde.
– Det var ei sex-ulukke som gjekk gale, seier han.
Han beklagar også dødsfallet:
– Eg beklagar djupt den uheldige ulukka som skjedde.
Dette kjem fram i korrespondansen mellom Abdulhak og BBC journalist Nawal Al-Maghafi. Samtalene mellom dei to skal ha skjedd over fleire månadar.
Ifølge obduksjonsrapporten skal Martine Vik Magnussen ha døydd av kveling og «press mot halsen».
Ho hadde også andre skadar på kroppen som samsvarar med overfallsskadar som typisk oppstår i kamp, skriv BBC.
Ville ikkje kalle det eit dødsfall
Al-Maghafi skriv at i løpet av den fleire månadar lange korrespondansen ville Abdulhak aldri omtale det som skjedde med Magnussen som eit dødsfall, men heller som ei «ulukke» eller ei «hending».
– Eg gjorde noko då eg var yngre. Det var eit feilgrep, skal han også ha fortalt Al-Maghafi.
Farouk Abdulhak blei raskt identifisert som mistenkt for drapet på Martine Vik Magnussen.
Foto: Metropolitan Police / scanpixI korrespondansen som er gjeve att av BBC spør Al-Maghafi om Abdulhak kan fortelje kva som skjedde den kvelden. Dette synest han er vanskeleg å svare på:
– Eg veit ikkje kva som skjedde. Det er uklart.
– Eg har flashbacks av og til.
– Viss eg luktar ein viss type kvinneparfyme blir eg uvel.
På spørsmål om han nokon gong vil reise tilbake til Storbritannia og ta ansvar svarar Abdulhak at han opplever straffesystemet i Storbritannia som svært partisk.
– Eg er son av ein arabar, son av nokon rike. Det er altfor seint, fortel han.
– Dette er etter mitt syn ein «game-changer»
– Det er klart at innhaldet som blir formidla er dels provoserande. Han viser ingen anger, ingen empati. Det handlar om eigennytte, fortel Odd Petter Magnussen, far til Martine.
Odd Petter Magnussen fortel at delar av det Abdulhak fortel er provoserande.
Foto: Alberto Pezzali / APOdd Petter Magnussen er likevel glad for at han endeleg har uttalt seg:
– Men for første gong har vi her ei erkjenning. Eg har kalla vedkommande gjennomgåande for mistenkt, no er han ein sjølverklært drapsmann.
Kva tenker du om at han kallar det ei ulukke?
– Det er nok veldig beskrivande for hans mentalitet, der han har problem med å innrømme rekkevidda av det han har gjort. Og prøver å bagatellisere det så godt han kan.
Magnussen trur likevel at erkjenninga kan bli ei vending i saka:
– Dette er etter mitt syn ein «game-changer» i heile saka. Vi har forsøkt å byggje opp eit press mot mistenkte og hans familie.
– Det er innlysande at det dei har forsøkt hittil er å leggje eit lokk på heile saka i Midtausten, og forsøke å framsette påstandar om at han er uskuldig. Dette er eit unnagjort stadium.
– Vi snakkar om ein drapsmann, ikkje ein mogleg mistenkt, legg han til.
Leiar i Martinestiftelsen: – Reell sjanse for utlevering
– Erkjenninga kan ha stor betyding for saka. Farouk lever beskytta hos Houthiane. Dei ønskjer å vere ein del av ei ny regjering i Jemen når den dagen kjem. Dei ønskjer å vise verda at ein følger demokratiske prinsipp, fortel advokat Patrick Lundevall-Unger, leiar i Martinestiftelsen.
Patrick Lundevall-Unger (venstre), saman med foreldra til Martine; Kristin Vik og Odd Petter Magnussen. Her utanfor lokala til Scotland Yard.
Foto: Alberto Pezzali / AP– Dersom Houthiane no pressar på for ei utlevering kan dei spegle seg i glansen. Eg meiner det er eit reelt sannsyn for utlevering no. Farouk har erkjent ei straffbar handling, held han fram.
– Før har ein sagt at tvilen må komme han til gode, men no er det ikkje noko tvil meir. Dette kan gjere at Scotland Yard kan yte ytterlegare press inn mot Houthiane. UD må komme på banen her. Martine er norsk statsborgar og har post mortem krav på konsulær bistand, avsluttar han.