NRK Meny
Normal

Familiane ventar på svar

Medan leiteaksjonen held på for fullt i Middelhavet, ventar pårørande på nyheiter om kva som har skjedd med deira kjære.

Pårørende etter flystyrt med EgyptAir-fly

TUNGE NYHEITER: Familie og andre pårørande har kome til eit senter ved flyplassen i Kairo for å få svar på kva som har skjedd med deira kjære.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Spørsmåla er mange etter at eit passasjerfly med 66 menneske om bord forsvann frå radaren natt til i dag.

– Vi får ikkje svar. Dei seier at flyet er sakna og at dei ikkje kan gje oss meir informasjon før dei er sikre, seier ein mann til nyheitsbyrået Ap.

Han er i slekt med ein av passasjerane på flyet, og har kome til flyplassen for å få siste nytt.

Gå til forsiden

Pårørande på flyplassen i Kairo og Paris

EGYPTAIR-AIRPLANE/

Pårørande på flyplassen i Kairo og Paris

11 bilder

    Samlar familie og slektningar

    30 av personane om bord på flyet var frå Egypt. På eit pårørandesenter ved flyplassen i Kairo samlar familie og andre pårørande seg for å få svar på kva som har skjedd med sine kjære.

    NRKs midtaustenkorrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen er like ved pårørandesenteret. Han seier styresmaktene og flyselskapet EgyptAir prioriterer å gi informasjon til familiemedlema til flypassasjerane.

    – På senteret er det òg helsearbeidarar som kan ta vare på dei. No ventar dei berre på nyheiter som kan fortelje dei om kva som har skjedd med flyet som forsvann.

    Sigurd Falkenberg Mikkelsen forteller at det kommer forskjellig informasjon fra forskjelig hold hvorvidt noen har oppfattet noe nødsignal fra det savnede flyet fra Egyptair.

    Pårørandefly frå Paris til Kairo

    15 av dei 66 om bord var frå Frankrike.

    Berre timar etter at flyet med deira kjære hadde tatt av frå Charles de Gaulle-flyplassen i går kveld, strøyma slektningar og andre pårørande til eit oppretta krisesenter på eit hotell i nærleiken av flyplassen utanfor Paris.

    Ifølgje nyheitsbyrået AFP blir dei tekne hand om av psykologar, representantar frå EgyptAir og den egyptiske ambassaden.

    Dei av slektningane og pårørande som ønsker å reise til Kairo, kan bli med på eit fly som EgyptAir sett opp i ettermiddag.

    Fransk utenriksminister Jean-Marc Ayrault møter pressen på pårørendesenteret etter EgyptAir-flystyrt

    PÅRØRANDESTØTTE: Den franske utanriksministeren Jean-Marc Ayrault seier dei skal støtte og hjelpe dei pårørande i sorga.

    Foto: THOMAS SAMSON / Afp

    Hollande: – Resepekter familiane

    Frankrikes president François Hollande stadfestar at flyet som forsvann fra radaren, har styrta.

    – Det er vekke, sier Hollande på ein pressekonferanse torsdag.

    Slektningar av passasjerane har nå samla seg på et krisesenter ved et hotell i nærheta av Paris Charles de Gaulle-flyplassen der flyet tok av 23.00 onsdag kveld, melder AFP.

    Den franske presidenten ber folk være varsomme med å spekulere årsakane til flystyrten.

    – No må vi prioritere å støtte familiane til offera, seier Hollande.

    Solidaritet med dei pårørande

    Ifølgje Sigurd Falkenberg Mikkelsen besøkte den franske ambassadøren til Egypt pårørandesenteret for kort tid sidan.

    – Han var her for å snakke med dei pårørande og vise solidaritet, i tillegg til å snakke med styresmaktene og flyselskapet her. Det er eit fransk-egyptisk drama som utspelar seg, seier Mikkelsen.

    Passasjerane om bord var frå tolv ulike nasjonar: Egypt, Frankrike, Storbritannia, Belgia, Irak, Kuwait, Saudi-Arabia, Sudan, Tsjad, Portugal, Algerie og Canada.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt