Hopp til innhold

Evakuerer dei sjukaste frå Madaya

– Ei mor med tre born er allereie ute. Alle fire var tydeleg underernærte, fortel Elisabeth Hoff i Verdas helseorganisasjon (WHO). No forhandlar dei med syriske myndigheiter for å få fleire sjuke ut av den omringa byen.

SYRIA-CONFLICT-AID-MADAYA

Tysdag slapp naudhjelpsorganisasjonane til med mat og medisinar til den omringa byen Madaya, og torsdag reiser dei tilbake, mellom anna for å hente ut fleire av dei som er sjukast.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

Elizabeth Hoff besøker syrisk skadd gut

Norske Elizabeth Hoff leiar WHO i Syria. Her frå eit tidlegare sjukehusbesøk hos ein gut som nett har fått vite at familien hans er drepen i eit luftangrep.

Foto: WHO

Elisabeth Hoff var blant hjelpearbeidarane som var inne i Madaya i går. Ho fortel at den vesle familien på fire og to andre små brør er sende til sjukehus.

Innbyggarane i Madaya er utsulta etter å ha vore omringa av regjeringsstyrkar i eit halvt år, og først i går slapp naudhjelpsorganisasjonane inn, etter å forhandla med den syriske regjeringa i lang tid.

Store medisinske behov

– Vi har allereie fått sendt inn hjelp i form av matvarer og medisinar. Men vi oppdaga at det er fleire som treng medisinsk hjelp, og det håpar vi å få til no, seier ho til NRK.

Dei første hjelpesendingane med mat og medisinar kom inn til den syriske byen tysdag.

Frå før var det berre tre legar inne i byen, men dei hadde lite å stille opp med etter at dei siste forsyningane frå 18. oktober, som var sist FN var inne, tok slutt.

No planlegg dei å gå frå dør til dør for å undersøke om det er fleire som ligg heime og treng hjelp.

– Legane har rapportert om at det er mellom 300 og 400 som er underernærte og treng tilsyn. Vi såg berre ein brøkdel av dei. I morgon reiser vi inn att saman med ein ernæringsekspert, i samarbeid med syriske Røde Halvmåne som gjer ein fantastisk innsats i området - ja, i heile landet.

Hoff fortel at dei spesielt vil oppsøke sårbare familiar; familiar med nyfødde eller svært små born og personar med sukkersjuke.

– Og så er det jo også utfordrande å byrje å ete att etter så lang tid utan mat, så dette vil vi også informere om.

Fryktar at det kan vere like ille andre stader

Sjølv om Hoff er glad for det ho kallar ein tydeleg framgang, er ho uroa for andre område, og understrekar at det er snakk om rundt 15 omringa område rundt om i landet, som råkar 400.000 sivile. Fem års krigføring slit også på ressursane.

– Eg fryktar spesielt for Deyr al-Zour. I Fouaa og Kafarya var vi inne med fire tonn med medisinar, men vi har ikkje sendt inn personell, så vi veit ikkje korleis tilstanden er på bakken. Utanfor Damaskus, til dømes den palestinske Yarmouk-leiren er ein stad der vi ikkje har vore inne på lenge.

Elizabeth Hoff besøker mann på sjukehus i Homs

Norske Elizabeth Hoff er leiar av WHO i Syria. Her besøker ho ein mann som får dialyse i Homs. Krigen har gjort at mange med kroniske sjukdommar slit med å få nok medisinar og behandling.

Foto: WHO

SISTE NYTT

Siste nytt