Berre dagar etter superstjerna oppfordra unge til å bruka stemmeretten under presidentvalet i USA, registrerte over 35.000 unge amerikanarar seg for å stemma.
Den 9. mai, på Europadagen, skal Swift opptre i Paris.
Nå håper EU at Taylor Swift vil gjera det same i forkant av EU-valet i juni.
Inderleg ønske
På ein pressekonferanse i dag, bad visepresident i EU-kommisjonen, Margaritis Schinas, verdsstjerna om å oppfordra unge til å stemma i EU-valet, skriv mellom anna avisa Politico.
– Eg håpar verkeleg at nokon frå hennar medieteam følg denne pressekonferansen og vidarebring vår førespurnad til ho, sa Schinas.
Det er EUs visepresident Margaritis Schinas som ber Taylor Swift om hjelp til å nå unge veljarar. Her snakkar han under ei samling i Strasbourg i oktober i fjor.
Foto: AP– Det er unge folk som kan mobilisera unge folk til å delta, meir enn kommissærar, sa han.
Superstjerna har enn så lenge ikkje svart på om ho vil innfri ønsket.
I fjor kåra Time Magazine Swift til årets person, og fleire peikar på at stemme hennar kan vera avgjerande under årets presidentval.
På Instagram har ho ein følgjarskare på 279 millionar følgarar.
Vil ha fleire unge veljarar
EU har slite med låg valdeltaking i parlamentsvala sine, og er opptatt av å få fleire unge veljarar til å stemma.
Visepresident Schinas snakka i dag om viktigheita av at unge deltar i årets val, som skal gå føre seg frå 6. til 9. juni.
Ekspertar forventar at ytre høgre vil gjera eit godt val, ettersom dei gjer det bra på meiningsmålingane, skriv Euronews.
Ved førre EU-val var valdeltakinga på berre 50 prosent, og lågare blant dei unge. Under halvparten av veljarane under 25 år valde å stemma.