Hopp til innhold

Etterlyser sine kjære på nett

Parisarane har brukt sosiale medier aktivt i timane under og etter terrorangrepa seint fredag kveld. Frå opne dører i går kveld til sakna personar vert informasjon delt via emneknaggar på Twitter.

TOPSHOTS-FRANCE-ATTACKS-PARIS

SORG OG UVISSE: Ei kvinne sørger utanfor baren 'Le Carillon' i 10.arondissement i Paris, ein av åstadane for terrorangrepa fredag kveld.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

«Vi leitar etter Chloë Boissinot, sist sett på bakken utanfor "le petit Cambodge", 10. arrondissement. Om du har den minste informasjon, ver snill å kontakte meg. Takk.»

«Har de sett Antonio Anaclerio vi har ingen nyhende 26 år italiensk snakkar fransk»

«Waleed Abd El Razzak er sakna i Paris. Han var på kampen»

Dette er nokre av dei mange meldingane som har tikka inn på Twitter dei siste minutta. Samla under emneknaggen #rechercheParis (leiting Paris) vitnar dei om uvissa som rår i den franske hovudstaden, eit halv døgn etter at byen og verda vart skaka av ei rekke terrorangrep ulike stader i byen.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Blant dei mange etterlysingane finn vi også dei som vil vise solidaritet med dei som saknar nokon, og dei som har vorte gjenforente med sine nære.

«Ikkje mist håpet! Vi har funne att fetteren min! Hald motet oppe!»

«Vi har funne att Amandine Roger ho er på sjukehuset og er berre skada i armen. Takk gud og dykk også #PrayForParis»

Laster Twitter-innhold

Solidariteten viste seg også gjennom emneknaggen #PortesOuvertes, opne dører, då angrepa pågjekk seint fredag kveld. Den vart brukt mellom parisarar for å gi og få dekning i ein svært uoversiktleg situasjon.

I løpet av natta var det også mange som brukte Facebook sin mekanisme der ein kan markere att ein er trygg slik at vener og kjende ser det. I tillegg har regjeringa og naudetatane oppretta naudlinjer. Det vert også mobilisert for å gi blod, via emneknaggen #DonDuSang.

FRANCE-ATTACKS-PARIS-SECURITY

VIL GI BLOD: Folk står laurdag i kø for å gi blod i Paris, der rundt 300 skadde ligg på sjukehus etter terroråtaka fredag kveld.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt