Hopp til innhold

Etna på Sicilia sprutar eld igjen

Europas høgste aktive vulkan, Etna på Sicilia, spyr igjen ut eld og oske i eit fargesprakande, naturleg fyrverkeri.

Video frå mindre utbrot på Etna, 05.10.12.

VIDEO: Sjå Etnas naturlege fyrverkeri her.

Det var onsdag denne veka Etna byrja å røyve på seg igjen, og dei siste par dagane har innbyggjarane på Sicilia fått med seg det spektakulære utbrotet. Men ekspertane trur ikkje på eit større utbrot i denne omgang.

Tidlegare i år har det vore ni såkalla «eruptive hendingar» på Etna, altså mindre utbrot som ikkje blir klassifiserte som skikkelege utbrot. Det siste store utbrotet i vulkanen var i januar i år, då røyk og oske frå Etna førde til at flyplassen i byen Chania på Sicilia måtte stengje.

I fjor var det i alt 18 «eruptive hendingar» på Etna.

Etna ligg som ein heilt isolert fjellmasse på den nordaustlege delen av Sicilia nord for Catania, 3323 meter over havet.

SISTE NYTT

Siste nytt