Hopp til innhold

Elizabeth Edwards er død

Elizabeth Edwards, den profilerte kona til den amerikanske politikaren John Edwards, er død av kreft, 61 år gammal.

Elizabeth Andrews er død.

Elizabeth Andrews er død etter lang kamp mot kreften.

Foto: YURI GRIPAS / Afp

John Edwards

John Edwards er ein av dei mest kjende politikarane frå Det demokratiske partiet.

Foto: Damian Dovarganes / AP

Elizabeth Edwards døydde i heimen sin i Nord-Carolina i ettermiddag norsk tid, opplyser ein ven av familien. . Familien var der saman med henne.

I går vart det klart at ho ikkje lenger fekk behandling for sjukdomen. Ho har hatt ein kreftdiagnose sidan 2004.

John Edwards var visepresidentkadidat då John Kerry prøvde å bli amerikansk president i 2004. I 2007 prøvde han å bli nominert som Det demokratiske partiet sin presidentkandidat, men tapte mot Barack Obama.

- Den tida vi har i livet er avgrensa. Vi veit det, og det er tider i livet då vi ikkje greier å mobilisere så mykje styrke og tolmod som vi gjerne ville. Det er å vere eit menneske, skreiv ho på Facebook-profilen sin dagen før ho døydde.

Elizabeth Edwards var ein kjend forfattar, og ho var rekna for å vere den drivande krafta bak ektemannen sin politiske karriere.

Ekteskapet med den kjende politikaren fekk eit skot for baugen då han i eit fjernsynsintervju i vedgjekk å ha vore utru mot henne.

SISTE NYTT

Siste nytt