Hopp til innhold

Eksplosjon ved pyramidane i Egypt

17 menneske skal vere såra i ein eksplosjon ved ein turistbuss nær pyramidane i Egypt. Det melder egyptiske tryggingskjelder.

Minst 16 menneske skal vere såra i ein eksplosjon ved ein turistbuss ved pyramidane i Egypt.

Eksplosjonen skjedde utanfor eit nytt museum ved Giza-pyramidane. Pyramidane ligg i ørkenen ved byen Giza ved Nilen, rundt 25 kilometer sørvest for Kairo sentrum.

På sosiale medium er det publisert bilete som viser at bussen har fått store skadar.

Laster Twitter-innhold

Eit augevitne fortel til Sky News Arabia at ei bombe skal ha gått av idet turistbussen passerte museet i Giza.

Dei fleste av dei såra skal vere utanlandske turistar, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Ingen har førebels tatt på seg skulda for eksplosjonen.

X06885

Knuste ruter i bussen som blei råka av eksplosjonen.

Foto: AHMED FAHMY / Reuters

Etter at president Mohamed Mursi blei avsett i 2013 har militante grupper gjennomført ei rekkje angrep i Egypt.

Det er også gjennomført fleire angrep mot sivile mål, først og fremst mot koptiske kyrkjer og kristne pilegrimar.

I desember blei tre vietnamesiske turistar og ein lokal guide drepne då ei bombe eksploderte i vegkanten.

Dei tre pyramidane i Giza er store turistattraksjonar. Ein av dei, Kheops-pyramiden, blir rekna som verdas mest kjende pyramide. Han inneheld grava til farao Khufu, og er eitt av verdas sju underverk.

Pyramiden stod truleg ferdig rundt 2580 f.Kr.

The praying Egyptian at a pyramid in Giza, Egypt

Pyramidane i Giza.

Foto: Labunskiy K. / Labunskiy K.

SISTE NYTT

Siste nytt