Hopp til innhold

- Ikkje meininga å drepe

Drapstiltalte Anders Eklund var på gråten då han forklarte seg om drapet på Pernilla Hellgren i Falun i 2000 då rettssaka starta i dag.

Anders Eklund i retten 21. juli 2008
Foto: Lotta Jarlsdotter/ SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

- Det var ikkje meininga at ho skulle dø, sa han med stotrande røyst.

Han har tidlegare hevda at dei to hadde friviljug sex, men i retten i dag måtte han vedgå at det ikkje var friviljug frå hennar side.

I forklaringa sa han at ho trua med å melde han til politiet for valdtekt, og at han etter dette la henne i bakken og tok strupetak.

Anders Eklund har tilstått drapet på 10 år gamle Engla Höglund.

Anders Eklund har tilstått drapet på 10 år gamle Engla Höglund.

Foto: SCANPIX SWEDEN / SCANPIX

Eklund er tiltalt for valdtekt og drap på 31 år gamle Pernilla Hellgren, og for valdtekt og drap på 10 år gamle Engla Juncosa Höglund. Han er også tiltalt for ei tredje valdtekt og for brot på lova om barnepornografi.

Strenge tryggingstiltak

Det var strenge tryggingstiltak då saka opna i Stockhlm i dag tidleg.

Saka er flytta frå Falu tingsrätt til Stockholm nettopp av omsyn til Eklund sin tryggleik.

Skotsikkert glas skiljer den tiltalte frå tilhøyrarane i tryggingssalen i tingsretten. Det er eit stort oppbod av politi i og rundt rettssalen, og alle på publikumsplass måtte gjennom ei grundig kroppsvisitering.

På langt nær alle som ville få med seg rettssaka fekk plass i rettssalen.

Anders Eklund svarte med roleg stemme og utan å vise kjensler då aktor starta utspørjinga. Han fekk spørsmål om kva planar han hadde den dagen i juni 2000 som slutta med at han tok livet av Pernilla Hellgren.

Han såg aktor i augene og svarte at han reiste til Falun for å få seg litt mat og høyre på musikk.

Hatsk stemning

Ein halvtime før rettssaka starta var det lange køar framfor tingretten i den svenske hovudstaden. Det var mange journalistar der, men også mange andre som ville få med seg rettsforhandlingane.

Stemninga i køen blir av fleire karakterisert som "hatsk", og det fall mange kommentarar om den tiltalte. Han vart blant anna omtalt som "krek" og "svin".

Den 42 år gamle lastebilsjåføren Anders Eklund risikerer fengsel på livstid for brotsverka han er tiltalt for.

Leif Silbersky, forvararen til Eklund, meiner klienten hans er alvorleg psykisk sjuk, og at han såleis ikkje kan straffast med fengsel.

Anders Eklund på veg inn i rettssalen.

Rettssaka mot Anders Eklund starta i Stockholm i dag.

Foto: JONAS EKSTRÖMER / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

SISTE NYTT

Siste nytt