Hopp til innhold

Drosjesjåfør drepen i Sverige

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To personar i 20-åra er arresterte mistenkt for drapet som skjedde utanfor Stockholm.

Rett før midnatt fekk nødtelefonen inn ein samtale om at drosjesjåføren låg skada utanfor drosjen sin i Bergshamra utanfor Stockholm. Sjåføren vart raskt frakta til sjukehuset, men livet sto ikkje til å redde.

To unge menn er arresterte for ugjerninga, ein 24-åring og ein 27-åring. Ei kvinne født i 1993 er blitt henta til avhøyr.

– Me har starta ein etterforsking om mogleg drap. To personar er arresterte, seier Patrik Widegren i politiet til Aftonbladet.

Hadde vore krangling

Det er førebels ikkje kjent korleis mannen døydde, men dei stadfestar at det har vore ein form for handgemeng på staden.

Drosjeselskapet er sjokka over at ein av deira tilsette er blitt drepen på jobb.

– Eg er framleis sjokkert. Eg kan difor ikkje seie så mykje meir, seier Claes Löfvenberg ved drosjeselskapet Taxi 020 til avisa.

Han seier at sjåføren ikkje hadde noko køyreoppdrag då drapet skjedde.

Kan ha videobevis

Alle bilane i taxiselskapet skal vere utstyrt med kamera. Det er difor sannsynleg at dei mistenkte er festa på film. Men sjølve drapet er ikkje filma, for sjåføren trykte ikkje på alarmknappen.

– Det kan finnast bilete på då dei går inn og ut av bilen. Hadde sjåføren trykt på alarmknappen hadde opptaket gått heile tida, seier Löfvenberg til Aftonbladet.

Minst ein av dei mistenkte er ein kjenning frå politiet, og er tidlegare knytt til valdshandlingar. Dei to mistenkte vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

SISTE NYTT

Siste nytt