Hopp til innhold

– Granatnedslag hadde vore betre enn dette

Vinteren har kome til Libanon. Der bur syriske flyktningar i telt laga av striesekkar, og kleda som heng på snorene er stive av frost. Talet på flyktningar frå Syria har no bikka tre millionar, og mange går ein kald vinter i møte.

Syriske flyktninger går en hard vinter i møte. Mange av dem bor i telt og skur, som i liten beskyttelse mot vind, kulde og snø. Dette bekymrer FN.

Flyktningane manglar klede, mat og husvære. Sjå reportasje om syriske flyktningar i libanesisk vintervêr.

Den syriske borgarkrigen er langt frå over. Medan mange for tida rettar augo sine mot Oslo og nobelprisutdelinga held borgarkrigen fram. Kjemiske våpen har blitt eit heftig debattert tema den siste tida, men det er framleis dei konvensjonelle våpena som drep klart flest.

– Ingen hjelper oss

Millionar av syrarar har flykta frå den grufulle situasjonen i heimlandet. Denne veka bikka talet på syriske flyktningar tre millionar. Nabolanda er fulle av desperate syrarar, og det er vanskeleg å tilby dei flyktande noko meir enn fred. Og sjølv om kulda no set inn i store deler av Midtausten, er det lite hjelp å få.

– Det er kaldt i regnet, og det finst ikkje noko her. Svolt og kaldt vêr finst det her, men ikkje noko anna. Eg har vore her i ei veke no, og no bur eg i regnet og snøen, men det er ingen som hjelper oss, seier Jined al-Hussein som bur saman med familien sin i Zahle-regionen i Libanon.

SYRIA-CRISIS/WINTER A Syrian refugee family sit inside their tent during a winter storm in Zahle town, in the Bekaa

Ein syrisk familie varmar seg rundt gryta.

Foto: MOHAMED AZAKIR / Reuters

– Granatangrep er å føretrekke

Familien bur i eit telt som er laga av striesekker som vernar dårleg mot den kalde vinden som slår inn over den vesle kvitkledde flyktningleiren. Utanfor heng stivfrosne klede på ei klesnor, og inni teltet samlar familien seg rundt ein liten sprakande omn.

– Me var ikkje førebudde på ein slik storm. Den overraska oss. Telta blåste nærast bort, og lét regnet og snøen kome inn på dei kalde borna. Me hadde føretrekt å vore i granatangrep i Syria. Det hadde vore enklare enn dette, seier Abdel-Karim Ali Ibrahim frå Aleppo i Syria.

Libanon stoppar flyktningleire

Han er ein av 835.000 flyktningar som har kome seg til Libanon og som bur i flyktningleire, i tomme bygningar eller heime hos familie og vener.

Styresmaktene i Libanon har vore forsiktige med å la folk bu i flyktningleire, i frykt for at dei skal bli buande der permanente. Difor kan heller ikkje naudhjelpsorganisasjonar sette opp flyktningleire, men må nøye seg med å tilby mat, telt, teppe og klede.

Snøen fell også over Syria, utan at det har stoppa noko krig. Borgarkrigen som no går inn i sin tredje vinter har kosta meir enn 100.000 menneskeliv. På nyåret er det planlagd ein fredskonferanse mellom Bashar al-Assad og opposisjonen i landet, der målet er å kome fram til ei fredeleg løysing.

SISTE NYTT

Siste nytt