Hopp til innhold

Dette veit vi om det forsvunne flyet

Egyptiske luftfartsstyresmakter seier at det sakna EgyptAir-flyet med 66 personer om bord har styrta.

EGYPTAIR-AIRPLANE/

FORSVANN: Eit fly frå EgyptAir forsvann frå radaren like etter at det hadde kome inn i egyptisk luftrom

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

  • Flyet, med flightnummer MS804, tok av frå Charles de Gaulle-flyplassen i Paris klokka 23.09 torsdag kveld.

  • Det var 56 passasjerar om bord. Blant dei to spedbarn og eit barn. I tillegg var det eit mannskap på 10 om bord i flyet.

  • Det skal vere personar frå 12 ulike nasjonar om bord.

  • Flyet skulle lande i Kairo klokka 03.15.

  • Klokka 02.45 mista Egyptair kontakten med flyet. Det melder selskapet på Twitter.

Laster Twitter-innhold
  • Egyptiske styresmakter seier det egyptiske militæret mottok naudsignal frå flyet før det forsvann.

  • Flyet hadde ei høgde på 37.000 fot og forsvann då det var komme 16 kilometer inn i egyptisk luftrom. Det var då 280 kilometer frå den egyptiske kysten.

  • Militære rednings- og bergingsmannskap er framme ved staden i Middelhavet det blir anteke at flyet har styrta.

  • Hellas har blitt med i søket etter det sakna flyet. To fly har nå blitt sendt ut for å leite etter det sakna flyet.

  • Ifølgje Flightradar24 var flyet av typen Airbus A320-232 og vart levert til selskapet i 2003.

  • Ifølgje The Guardian var denne turen dagens femte tur for flyet.

  • EgyptAir opplyser at kapteinen på flyet har lagt 6.275 flytimar bak seg, inkludert 2101 flytimar på ein Airbus 320. Andreflygaren er notert med 2.766 timar.

Andre hendingar

I mars tvang ein mann med falskt bombebelte eit EgyptAir-fly til å lande på Kypros. Han overgav seg etter seks timar på flyplassen, og ingen vart skadd i hendinga.

I oktober i fjor omkom alle dei 224 personane om bord då eit russisk charterfly styrta på Sinaihalvøya som følgje av ei bombe. Flyet skulle til St. Petersburg i Russland frå feriestanden Sharm el-Sheikh i Egypt.

Ifølgje Reuters er ein mekanikar frå EgyptAir, med tilknytning til ekstremistgruppa IS, mistenkt for å ha plassert bomba.

Saka blir oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt