Hopp til innhold

Historisk fangeutveksling: Dette er fangane

Amerikanske journalistar, russisk opposisjonelle, ein drapsmann og spionar. Dette er nokre av dei som er ein del av fangeutvekslinga.

Russia US Prisoners Combo

FANGEUTVEKSLING: Dette er nokre av dei som skal vere ein del av fangeutvekslingsavtalen mellom Russland og vestlege land.

Foto: AP

Torsdag kom det fram at fleire vestlege land har inngått ei historisk fangeutveksling med Russland.

16 menneskerettsaktivistar og journalistar blir bytta mot åtte russarar, kunne utanriksminister Espen Barth Eide kunngjere.

Også to born skal vere omfatta av avtalen.

Truleg må vi tilbake til den kalde krigen for å sjå ei liknande fangeutveksling, seier Eide.

Nokre av dei har blitt hylla, og andre har skapt større kontroversar.

Les også Spionsiktet gjesteforsker ved UiT del av fangeutveksling

Spionsiktede på bar i Malaysia

Frå Russland til USA:

Evan Gershkovich

Wall Street Journal-journalisten blei pågripen av russiske styresmakter i april 2023. Han har vore i russisk fengsel sidan då.

Wall Street Journal har stadfesta at Gershkovic er ein del av fangeutvekslinga.

Russland hevda at Gershkovic dreiv spionasje då han var på reportasjetur for Wall Street Journal.

Russia US Reporter

Wall Street Journal-journalisten blei pågripen av russiske styresmakter i april 2023. Han har vore i russisk fengsel sidan då.

Foto: AP

Aktor Mikhael Ozdojev hevda at journalisten handla på vegner av amerikanske CIA og samla inn hemmeleg informasjon om forsvarsbedrifta Uralvagonzavod i Jekaterinburg.

Wall Street Journal avkrefta dette, og Gershkovic har nekta straffskuld.

I dag blir han utlevert til USA.

Paul Whelan

28. desember 2018 var Paul Whelan i Moskva for å vere gjest i eit bryllaup. Då blei han pågripen og sikta for spionasje.

To år seinare blir han dømd til 16 års fengsel.

Whelan nekta straffskuld, og forklarte at han tok i mot ein minnepinne frå ein ven som skulle innehalde feriebilde.

Rett etter at han tok i mot minnepinnen, arresterte russisk politi han inne på hotellrommet.

No er også han på veg til USA etter seks år i russisk fengsel.

Amerikanaren Paul Whelan vart dømd til 16 års fengsel for spionasje i Russland i 2020.

Paul Whelan er på veg til USA etter seks år i russisk fengsel.

Foto: Sofia Sandurskaya / AP

Alsu Kurmasheva

Den russisk-amerikanske journalisten er også ein av dei som no skal vere på veg tilbake til USA, ifølgje New York Times.

Ho arbeida for amerikanske Radio Free Europa/Radio Liberty og blei i desember dømt til 6,5 år i fengsel for å ha spreidd falsk informasjon om det russiske forsvaret.

Alsu Kurmasheva, an editor for the U.S. government-funded Radio Free Europe/Radio Liberty's Tatar-Bashkir service, attends a court hearing in Kazan, Russia on Friday, May 31, 2024.

Den russisk-amerikanske journalisten er også ein av dei som no skal vere på veg tilbake til USA, ifølgje New York Times.

Foto: AP

Dommen var basert på ei bok om 40 russarar som er motstandarar av krigen i Ukraina, som Kurmasheva var redatør for.

Kurmasheva budde til vanleg i Praha, men blei pågripen då ho var på tur til heimbyen sin Kaza i Russland.

USAs president Joe Biden synger bursdagssangen for 13 år gamle Miriam Butorin, Alsu Kurmasheva’s datter.

USAs president Joe Biden syng bursdagssongen for 13 år gamle Miriam Butorin, Alsu Kurmasheva si dotter.

Vladimir Kara-Murza

Han var lenge opposisjonspolitikar og journalist i Russland. I fleire tiår har han vore i dei russiske styresmaktene sitt søkelys.

Kara-Murza har lenge vore ein tydeleg kritikar av Vladimir Putin. Mellom anna har han arbeida for at andre land og institusjonar skal sanksjonere presidenten og andre makthavarar i landet.

Russian opposition figure Vladimir Kara-Murza attends a court hearing in Moscow

Han var lenge opposisjonspolitikar og journalist i Russland. I fleire tiår har han vore i dei russiske styresmaktene sitt søkelys.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

I både 2015 og 2017 blei han forgifta og lagt i koma, men overlevde.

Det var i 2023 han blei dømt 25 års fengsel. Det er den strengaste dommen ein opposisjonspolitikar har fått i Russland.

– Eg er i fengsel for mine politiske haldningar. Eg veit også at dagen vil komme då mørket som har lagt seg over landet vårt vil lette, sa trebarnsfaren då.

I 2024 fekk Kara Murza den anerkjende Pulitzer-prisen for artiklar han skreiv medan han var i fengsel.

Frå Russland til Tyskland:

Oleg Orlov

Espen Bart Eide stadfestar at fredsprisvinnar Oleg Orlov er ein del av fangeutvekslinga.

Det var Memorial, den no forbodne menneskerettsorganisasjonen, som blei tildelt Nobels fredspris i 2022. Orlov var leiar i organisasjonen.

Orlov fekk prisen medan han var fengsla i Russland. Orlov er ein kjend kritikar av det russiske regimet.

Oleg Orlov

Orlov er ein kjend kritikar av det russiske regimet.

Foto: AP

Han blei pågripen etter at han skreiv ein artikkel der han kritiserte Russland for å ha sokke ned i fascisme under president Vladimir Putin.

Orlov vart dømd til 2,5 år i fengsel for å ha krenka Russland sine væpna styrkar.

Liliya Chanysheva

Lilia Chanysheva var ein av sjefane i organisasjonen rundt den avdøde opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj.

Ho blei arrestert i november 2021 og blei seinare dømd til 7,5 år i fengsel for å tatt del i ein ekstremistisk organisasjon.

Den 16. februar i år blei opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj meldt død i fengselet i Sibir, der han sona ein dom på 30 år.

Russia Crackdown

Lilia Chanysheva var ein av sjefane i organisasjonen rundt avdøde Aleksej Navalnyj.

Foto: AP

Iilya Yashin

Yashin er også ein tidlegare opposisjonspolitikar i Russland.

I 2022 blei han dømt til 8,5 år i fengsel for å ha spreidd falsk informasjon om dei russiske troppane i Butsja, Ukraina.

Etter Navalnyjs død blei Yashin sett på som ein av dei mest populære opposisjonspolitikarane.

Han blir no sendt til Tyskland.

Russia Opposition

Yashin er også ein tidlegare opposisjonspolitikar i Russland.

Foto: Dmitry Serebryakov / AP

Andrej Pivovarov

Pivovarov er ein av fleire russiske opposisjonspolitikarar som no blir sendt til Tyskland.

I juli 2022 blei han dømt til fire år i ein straffekoloni for å vere tilknytt og drive ein «uønskt organisasjon»

Han var tidlegare direktør i Open Russia, ei no nedlagt opposisjonsgruppe.

Russia Opposition Sentences

Andrej Pivovarov var tidlegare direktør i Open Russia, ei no nedlagt opposisjonsgruppe.

Foto: AP

Sasha Skochilenko

Kunstnaren Sasha Skochilenko bytta ut prislappar på butikkar med ulike slagord som kritiserte krigen i Ukraina.

«Den russiske hæren har bomba ein skule i Mariupol. Om lag 400 menneske søkte ly i den», stod det på nokre av dei.

Ho blei etter det tiltalt for å ha spreidd feilinformasjon om det russiske forsvaret. Aktor bad om åtte år i fengsel.

Russia Prisoners Vanish

Kunstnaren Sasha Skochilenko bytta ut prislappar på butikkar med ulike slagord som kritiserte krigen i Ukraina.

Foto: Dmitri Lovetsky / AP

Patrick Schöbel

Den tyske statsborgaren Patrick Schöbel blei arrestert på flyplassen i St. Petersburg mistenkt for å smugla med seg narkotika.

Seks gummibjørnar som inneheldt cannabis blei funne i bagasjen hans.

Schöbel blei ikkje tiltalt eller dømd før han blei sendt tilbake til Tyskland.

Russian TV shows German national Schoebel leaving Russia

Patrick Schöbel hadde seks gummibjørnar med cannabis i bagasjen då han vart arrestert. Her er han på veg heim igjen til Tyskland.

Foto: RU24 / Reuters

Også desse blir sendt til Tyskland:

  • Dieter Voronin

  • Kevin Lick

  • Herman Moyzhes

  • Kseniya Fadeyeva

  • Vadim Ostanin

Frå vestlege land til Russland:

Vadim Krasikov

Tyske styresmakter har stadfesta at Vadim Krasikov er ein del av fangeutvekslingsavtalen.

Dei seier at å utveksle den russiske drapsdømde ikkje var «ei enkel avgjerd».

Det var i 2021 at Vadim Krasikov blei dømd for drapet på georgiske Zelimkhan Khangoshvili som tidlegare var ein del av det tsjetsjenske forsvaret.

Photo of Russian Vadim Krasikov

Han blei arrestert berre minutt etter at han skaut og drap Khangoshvili.

Foto: OBTAINED BY REUTERS / Reuters

Ein solfylt augustdag i 2019 blei Khangoshvili treft av tre skot i ein park i Berlin.

Dommaren kalla dette for terrorisme og hevda at oppdraget kom frå Putin sjølv, skriv Reuters.

Han blei arrestert berre minutt etter at han skaut og drap Khangoshvili.

Putin og Vadim Krasikov.

Her tek Krasikov Putin i handa då han landa på russisk jord.

Foto: MIKHAIL VOSKRESENSKIY / AFP

Under rettssaka nekta han straffskuld og heldt på sin falske identitet som Vadim Sokolov, ein handverkar som var på besøk i Berlin.

Om han skal halde fram med å sone dommen i Russland er enda usikkert.

Dagen etter at Krasikov landa i Russland, stadfesta Kreml at Krasikov arbeida for den russiske tryggingstenesta FSB, skriv Reuters.

Mikhail Mikusjin

Noreg var ein del av den historiske fangeutvekslingsavtalen.

Mikusjin er sikta for grov etterretningsverksemd mot Noreg, då han arbeida som gjesteforskar ved Universitetet i Tromsø.

Mikusjin blei pågripen av PST på veg til jobb i 2022. Der gjekk han under falskt namn og hevda at han var brasiliansk statsborgar.

Mikhail Mikusjin har sjølv innrømt at han brukte falsk identitet i Noreg. No er han på veg til Russland.

President Putin greets Russians returning to Moscow after prisoner swap

Her går Mikusjin av flyet i Russland med ein joker-pose i handa.

Foto: Sergei Ilyin / Reuters

Les også Spionsiktet gjesteforsker innrømmer å være russisk

Spionsiktede på bar i Malaysia

Vladislav Kljusjin

I 2021 blei den russiske forretningsmannen arrestert i Sveits, og seinare sendt til USA.

Amerikanske styresmakter meinte at Klyushin var ein hackar som hadde tent 93 millionar dollar på å selje konfidensiell informasjon om private bedrifter.

I 2023 blei han dømt til ni års fengsel i ein domstol i Boston, USA.

Han blei i dag sendt tilbake til Russland.

U.S. Department of Justice filing photo of Vladislav Klyushin, an owner of an information technology company with ties to the Russian government

Vladislav Kljusjin blei dømd til ni års fengsel for hacking.

Foto: U.S. DEPARTMENT OF JUSTICE / Reuters

Også desse blir sendt frå vestlege land til Russland:

  • Artem Viktorovitsj Dultsev, Slovenia
  • Anna Valerevna Dultseva, Slovenia
  • Pavel Aleksejevitsj Rubtsov, Polen
  • Roman Seleznev, USA
  • Vladislav Kljusjin, USA
  • Vadim Konosjtsjenock, USA

Frå Belarus til Tyskland

Rico Krieger

I juni blei Krieger dømd til døden i ein lukka rettssal i Belarus. Han blei dømd for mellom anna terrorisme.

Han skal tidlegare ha arbeida for tyske Røde Kors, skriv BBC.

Skuldingane mot han var at han hadde utplassert sprengstoff som sprengde ei toglinje i lufta i Belarus på oppdrag frå ukrainsk etterretning. Ingen blei skadd i eksplosjonen.

Førre veke blei Krieger benåda av Aleksander Lukashenko, presidenten i Belarus. Lukashenko er ein av Putin sine støttespelarar.

Belarusian state TV releases footage of sentenced to death German national Rico Krieger

Rico Krieger blei dømd til døden i Belarus.

Foto: BELTELERADIO COMPANY / Reuters

SISTE NYTT

Siste meldinger