Hopp til innhold

Dette er den brattaste kabelbana i verda

Den nyopna kabelbana mellom landsbyane Schwyz og Stoos i dei sveitsiske alpane, er den brattaste i verda.

Kvar vogn kan frakte 34 personar av gangen.

Det er brukt berg-og-dalbane-teknologi for å få til den sveitsiske nyvinninga. Toget stig 110 prosent på ferda si frå byen Schwyz opp til den bilfrie landsbyen Stoos lenger oppe i fjellet.

Vognene er forma som tønner, og dei roterer slik at golvet alltid er flatt. Det er ein høgdeskilnad på neste 800 meter, og turen blir unnagjort på fire minutt. Heile anlegget er kostnadsrekna til rundt 444 millionar kroner.

Tok 14 år

Det tok 14 år å planleggje og byggje den spektakulære kabelbana, og prosjektet vart forseinka med to år fordi det dukka opp nye tekniske problem dei ikkje hadde tenkt på i planleggingsfasen.

Kabelbana er tenkt både å frakte lokale innbyggjarar til og frå jobb og andre aktivitetar, men lokale styresmakter reknar også med at ein del turistar vil nytte seg av tilbodet.

Opna sist fredag

Schwyz er hovudstad i den sveitsiske kantonen med same namnet. Byen har 14.000 innbyggjarar og ligg 516 meter over havet. Landsbyen Stoos har rundt 100 innbyggjarar og ligg på 1300 meter over havet.

Den nye kabelbana vart opna fredag 15. desember.

Schwyz

SISTE NYTT

Siste nytt