Arne Bjørgaas. Foto: Erik Johansen, Scanpix.
Tusenvis av omkomne og mange som framleis er sakna, gjer at to norske Kripos-team reiser til Thailand. Oppgåva til dei norske teama er å hjelpe Thailandsk politi med identifiseringa av omkomne.
- Dei har ei svært vanskeleg oppgåve føre seg. Det er nok den tøffaste oppgåva dei nokon gong har gjort, seier Arne Bjørkaas.
Varmen skaper vanskar
Politiinspektøren har svært god erfaring med identifiseringsarbeid. Han leia i mange år ulike Kriposteam som deltok i identifiseringa av omkomne, blant anna Scandinavian Star, Torghatten og Åsta-ulukka.
- Det er fyrst og fremst varmen som gjer arbeidet vanskeleg. Vi er vant til andre temperaturar i Norden. Lik rotnar raskarar i slike høg varme, lukta er også mykje sterkare. Dei døde endrar utsjånad svært raskt, det er nesten umogeleg å kjenne dei igjen.
- I slike tøffe arbeidsforhold er det difor viktig at inntrykka ikkje lammar ein i å arbeide, seier Bjørkaas.
Arne Bjørkaas har leia ei rekkje ulike identifiseringarbeid etter store ulukker. Her på veg til flyulukka på Operafjellet på Svalbard i 1996. Foto: Alexander Nordahl, NTB.
Tek med seg informasjon
Det er nasjonale styresmakter i kvart enkelt land som har ansvar for å finne ut kven som er omkome. Internasjonalt regelverk seier opnar for å be om assistanse frå dei land der ein trur dei omkomne kjem frå. Eit identifiseringsteam frå Kripos utgjer som regel ein tannlege, ein rettsmedisinar, ein etterforskar og ein kriminaltekniker seier Bjørkaas. Teamet veit gjerne ein del på førehand.
- Før dei reiser er det viktig å tek med seg data rundt dei sakna. Det kan vere alt frå kroppsbygning, tatovering og ikkje minst tannforhold. I Noreg så er slike ting godt registrerte.
- DNA-materiale er og viktig i denne samanheng. Dette bruker ein når ein så samanlikner data med dei døde.