Hopp til innhold

Hillary Clinton er utskriven frå sjukehuset

USAs utanriksminister Hillary Clinton vart (65) onsdag kveld utskriven frå sjukehuset i New York, stadfestar ein talsmann i utanriksdepartementet.

Hillary Clinton på veg ut av sjukehuset.

Hillary Clinton på veg ut av sjukehuset saman med dottera Chelsea.

Foto: JOSHUA LOTT / Reuters

Den amerikanske utanriksministeren har vore behandla for blodpropp i hjernen ved eit sjukehus i New York.

CBS News melde tidlegare i kveld at Hillary Clinton (65) likevel ikkje var utskriven frå sjukehuset, etter at dei tidlegare på kvelden melde at ho var utskriven.

Full forvirring

Ikkje så lenge etterpå vart det teke bilete av utanriksministeren gåande ut av sjukehuset inn i ein ventande bil. Saman med henne var dottera Chelsea, ektemannen Bill og ein medarbeidar. Då rekna dei fleste med at ho var utskriven.

Så kunne CNN melde at Hillary Clinton berre vart flytta frå ein bygning til ein annan inne på sjukehusområdet, og at ho skal gå gjennom fleire testar før ho blir utskriven.

Hillary Clinton

Hillary Clinton er utskriven frå sjukehuset etter å ha vore innlagt sidan sist laurdag.

Foto: Manuel Balce Ceneta / Ap

Så var det full forvirring ei stund om ho var utskriven eller ikkje, men så stadfestar altså utanriksdepartementet like etter klokka 00.30 norsk tid at ho verkeleg er det. Talsmannen fortel at Clilnton er i god form, og at ho er ivrig etter å kome tilbake på kontoret.

Ein talsmann for sjukehuset, New York Presbyterian hospital, seier at all informasjon om Hillary Clinton vil bli gitt av utanriksdepartementet. Utanriksdepartementet har ikkje kommentert saka i kveld.

Blodpropp i hjernen

Den amerikanske utanriksministeren vart innlagd på sjukehus sist laurdag med blodpropp i hjernen.

Legane hennar har tidlegare sagt at dei reknar med at ho ville bli heilt frisk.

Blodproppen var lokalisert i ei åre mellom hjernen og hovudskallen, bak det høgre øyret, opplyste dei to legane som var ansvarlege for behandlinga, Lisa Bardack og Gigi El-Bayoumi i går.

Utanriksministeren fekk hjerneskaking etter at ho miste medvitet og fall. Ho var dehydrert etter å ha vore ramma av eit magevirus.

Hillary Clinton på veg ut av sjukehuset.

Hillary Clinton (i midten med solbriller) fotografert i ein bil på veg ut av sjukehuset onsdag kveld norsk tid.

Foto: Frank Franklin II / Ap

Aktiv frå sjukesenga

Tidlegare i dag vart det meldt at Hillary Clinton har hatt fleire møte med medarbeidarar på sjukehuset, og at ho også har snakka med utanlandske tenestemenn.

Talskvinne Victoria Nuland sa under den daglege pressekonferansen si i dag at utanriksministeren hadde vore svært aktiv på telefonen med medarbeidarar. Nuland fortel også at Clinton har snakka med telefon med FNS spesialutsending til Syria, Lakhdar Brahimi, og statsministeren i Qatar.

Secret Service-vakter utanfor sjukehuset der Hillary Clinton var innlagd.

Secret Service-agentar vaktar inngangen til sjukehuset der Hillary Clinton har vore innlagd.

Foto: JOSHUA LOTT / Reuters

LES OGSÅ: Tror Hillary Clinton blir frisk

LES OGSÅ: Hillary Clinton til sykehus med blodpropp

SISTE NYTT

Siste nytt