Det er snakk om 11 millionar sider med dokument som ikkje lenger er graderte, som vil bli offentleg. I dag ligg desse dokumenta i databasen CREST (CIA Record Search Tool), skriv Federation of American Scientists.
Slik det er no, må du oppsøke National Archives (NARA) i College Park, som ligg 16 kilometer utanfor Washington. Der må du nytte dataterminalene som står der.
CIA har starta arbeidet med den nye databasen som skal gjere alt offentleg, for alle som er interesserte. Det er usikkert når dette arbeidet vil vere ferdig. Alt skal hamne på internett, opplyste CIA sin talsmann Ryan Trapani denne veka.
– Dokumenta vil bli i fulltekst og søkbare, akkurat som dei er i dag ved NARA.
Det er likevel å forvente at mykje vil vere sensurert.
Fryktar manipulering
Fleire amerikanske medier har stilt spørsmål ved at CIA har avgradert dokument for å gi innsyn for offentlegjeita, men at einaste moglegheita for innsyn er gjennom fysiske dataterminaler i Maryland.
CIA følger i dag nøye med på alle som ber om innsyn hos National Archives i frykt for manipulasjon, forfalsking og uredeleg bruk av dokumenta. Dette har vore eit av argumenta mot å publisere dei på nett.
CIA overvaker
«CIA vil automatisk innhente og lagre informasjon om ditt besøk», står det på eit skilt som heng ved sidan av dataterminalane. Lokalet er videoovervaka.
Misbruk av etterretningsdokumenta kan få følger:
«Uautoriserte forsøk på å modifisere informasjon som er lagra på dette systemet, eller på å omgå tryggingstiltaka eller nytte dette systemet til andre formål enn det er meint for, er forbode og kan resultere i straffeforfølging», lyder åtvaringa.