Dermed blir det inga nedstenging av dei føderale styresmaktene og permittering av over 2 millionar tilsette.
Godkjenninga i Senatet kom få timar etter at eit fleirtal i Representanthuset overraska med å bli samde om å forlenge budsjettperioden med 45 dagar.
Det er i det mellombelse budsjettet også avsett pengar til katastrofehjelp til område i USA som blir ramma av naturkatastrofar.
Leiaren for Representanthuset Kevin McCarthy forhandla fram eit forslag til løysing bak lukka dører laurdag.
Foto: J. Scott Applewhite / APBiden ber om rask Ukraina-støtte
Nå blir det sendt til president Joe Biden for signering.
Biden seier han ønskjer velkommen ein avtale som forhindrar at statsapparatet blir stengt ned, men ber Kongressen om å raskt godkjenne meir støtte til Ukraina.
– Eg forventar at speakeren vil følgje opp forpliktinga si overfor det ukrainske folket og sikre at støtta som trengst for å hjelpe Ukraina i denne kritiske augneblinken, blir vedteken, heiter det vidare, med tilvising til speaker Kevin McCarthy i Representanthuset
USAs president Joe Biden (t.h.) seier han ventar at speaker Kevin McCarthy handlar raskt for å sikre at Representanthuset godtek meir bistand til Ukraina.
Foto: Alex Brandon / APFjerna Ukraina-støtte
Ei løyving på 6 milliardar dollar til krigen i Ukraina er fjerna frå forslaget. Denne var med i eit tidlegare forslag til mellombels finansiering som Senatet vedtok før helga.
Demokratanes senatsleiar Chuck Schumer seier at han og senatsleiaren i republikanarane Mitch McConnell er samde om å behandle dette separat.
Den republikanske senatoren Susan Collins seier til Washington Post at ho gjerne hadde sett at det var støtte til Ukraina i forslaget.
– Men no er det viktigaste å unngå ei nedstenging av styresmaktene. Dersom vi kan gjere det i dag, meiner eg vi har oppnådd meir enn det amerikanske folket hadde venta.
Ei nedstenging med permitteringar av føderale tilsette kan skade ein allereie skjør amerikansk økonomi.
Forhandlingar bak lukka dører
Det som kom som ei overrasking for mange var at Representanthuset klarte å vedta forslaget. Det skal ha blitt til i forhandlingar bak lukka dører i dag tidleg, der kongressleiar McCarthy forhandla fram eit forslag Demokratane kunne stemme for.
90 medlemmar frå Republikanarane stemte imot forslaget. Dei ønsker store kutt i program til fattige og ei rekke andre ting. Det som skjer i dag kan bety at McCarthy kan bli sparka som kongressleiar av si eiga partigruppe.